I aar ser det langt lysare ut
GJERDSVIKA: Ivar Slettevoll og Sanco styrer mot eit godt resultat i 2018 etter eit litt labert fjorår.
Nytt

- I år ser det langt lysare ut

Fjoråret er ikkje Sanco-direktør Ivar Slettevoll fornøgd med, men 2018 teiknar til å verte eit godt år for Gjerdsvik-selskapet.

22.06.2018
- I år reknar vi med å passere 400 millionar kroner i omsetning og eit resultat før skatt på rundt 50 millionar.
Sanco har åtte skip i flåten, der fem er seismikkskip og tre er støtteskip for seismikk.
- I fjor hadde vi tre båtar i opplag store deler av året. No er alle båtane i arbeid. Det er den store skilnaden, seier Slettevoll.

Plusstal

Trass i at Slettevoll ikkje er fornøgd med fjoråret, gjekk selskapet likevel i pluss i fjor. Resultatet før skatt vart på 12 millionar kroner etter ei omsetning på 273 millionar.
Det er ikkje mange offshoreselskap som hadde plussresultat på botnlinja i fjor.
- Det var tøffe tak også for oss i fjor, men vi har vore litt heldige.
- I tillegg har vi svært dyktige tilsette både på land og til sjøs, seier Slettevoll.

Solid eigenkapital

Eigarane har heller ikkje tatt ut utbyte siste åra.
Gjelda var ved utgangen av fjoråret på 974 millionar kroner, og bokført eigenkapital på solide 654 millionar kroner, opp frå 640 millionar året før.
- Vi har arbeidsro, og slepp å ha bankar og andre kreditorar hengande over oss, seier Slettevoll.
Selskapet har lukkast på å få lengre kontraktar for alle dei åtte skipa. Dei to nyaste seismikkskipa Sanco Sword og Sanco Swift er på langtidsavtale med PGS. Også Sanco Atlantic, som i fjor vart kjøpt frå PGS går for dette selskapet.
Sanco Spirit og Sanco Star går derimot for amerikanske Fairfield.

Nodeseismikk

Medan dei tre første skipa driv med streamerseismikk, er Spirit og Star skyteskip ved nodeseismikk, for tida i Mexicogulfen.
- Det er litt større interesse for nodeseismikk, men det er framleis langt mellom oppdraga, seier Slettevoll.
Trass i at Gjerdsvik-selskapet har bra med pengar på bok, er det ikkje planar om nye kjøp.
- Nei, vi er fornøgde med den flåten vi har, men vi vurderer det sjølvsagt om det skulle dukke opp noko spennande.
Selskapet har rundt 200 sjøfolk og 12 tilsette på landsida.
Sanco vart starta i 1997 av brødrene Bjarte og Ivar Slettevoll - siste saman med kona Bjørg Slettevoll. Hovudbasen ligg i Gjerdsvika.
Dei tre eig 66,75 av Sanco Holding gjennom selskapa Charo og Bjartland. I tillegg eig dei Sanco Shipping, som er managementselskapet og tek seg av utleige av arbeidskraft.
Stad-eigar Hallvard Slettevoll er tredje største eigar i Sanco Holding med 7,92 prosent gjennom selskapet In Motion. Resten av aksjane er fordelte på åtte andre eigarar.
Det var tøffe tak også for oss i fjor, men vi har vore litt heldige

Publisert: 22.06.2018 05:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23