Hyttekonkurs paa Bondalseidet
IKKJE NOK: Bondalseidet Hytteutvikling reduserte prisane i 2015 då dette skiltet kom opp, utan at det fekk salet til å skyte fart. No er selskapet konkurs.
Nytt

Hyttekonkurs på Bondalseidet

Bondalseidet Hytteutvikling er konkurs. Sparebank 1 Søre Sunnmøre er største långivar.

16.11.2017
Bondalseidet Hytteutvikling as har to hyttefelt under utbygging på Bondalseidet i Ørsta, det eine rett ved skibakken. Salet av hyttetomter har gått svært tregt i mange år.
Eigarselskapet Inge Kolås as vart slått konkurs i oktober.

Advokat Thore Heggen er bustyrar. Han er og bustyrar for Inge Kolås as. Heggen seier grunnen til konkursen er at Bondalseidet Hytteutvikling etter hans vurdering korkje har pengar til å gjere opp for seg, eller verdiar som overstig gjelda.

9,1 millionar i gjeld

Driftsinntektene til Bondalseidet Hytteutvikling var 8000 kroner i 2016. Med 9,1 millionar kroner i gjeld blei resultatet eit underskot før skatt på 0,8 millionar kroner. I følgje reknskapen til Bondalseidet Hytteutvikling har dei uselde tomtene ein verdi på 30 millionar kroner.
Inge Kolås, som var eigar av konkursråka Inge Kolås as, sa til NETT NO i oktober at feltet ved skitrekket har minst 15 ledige tomter, medan feltet på motsett side av riksvegen har 15-20 ledige tomter.

Tunnel-trøbbel

Hyttefeltet ved skibakken var klart før finanskrisa 2008/2009, men skaut aldri fart att etter at krisa var over.
Kvivsvegen gjorde potensielle hyttekjøparar på ytre Søre Sunnmøre fekk korta kraftig ned på reisetida til to andre hytteområdet, i Hornindal og Stryn. I den konkurransen har hyttetomt-eigarane ved skianlegga både i Ørsta og Volda ikkje kome heldig ut.

Store priskutt

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har ferske erfaringar i handtering av hytteutviklingskonkursar.
Etter at Standal Alpesenter på Standalseidet gjekk overende i 2016 blei banken sittande med 35 hyttetomter.
Banken vurderte først å selje heile Standal-prosjektet samla, men kom til at det ville gi større tap ein å selje ei og ei tomt, .
Etter å ha kutta prisen kraftig, frå cirka 500.000 kroner til cirka 300.000 for dei største tomtene, og lagt tomtene ut på Finn.no skaut salet fart.
Pr. i dag er 25 tomter selde, seier Roy Henning Haddal i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Publisert: 16.11.2017 10:48

Sist oppdatert: 23.06.2021 13:02