Hydrogensatsing paa vent
IKKJE HYDROGEN LIKEVEL?: Hydrogensatsinga i Hellesyltområdet er sett på vent, mellom anna fordi batteriutviklinga gjer at batteridrift på Geirangerfjorden kan vere eit alternativ.  Planen er at Tryggestad kraftverk og andre småkraftverk kunne utnytte kapasiteten sin fullt ut ved å også produserer hydrogen. 
Nytt

Hydrogensatsing på vent

Batteriutviklinga går så raskt at ferjeselskapet på Geirangerfjorden vil vente med å avgjere om det er rett å satse på hydrogendrift på Geirangerfjorden.

11.01.2018
Småkraftverka i Hellesyltområdet har vanskar med å få seld all krafta dei kan produsere. Kraftlinekapasiteten ut av området er for liten til å frakte all krafta ut av området. Dermed må kraftverkeigarane la vatn berre renne forbi turbinane
Det var utgangspunktet for planen om å ta straumen i bruk for å produsere hydrogen, som i sin tur kunne bli miljøvenleg drivstoff for farty på Geirangerfjorden.

Kan gjennomførast

Då arbeidet med hydrogen-satsing starta var meldinga frå ferjeselskapet Fjord 1 sitt dotterselskap Fjords - som driv ferja på fjorden - at strekninga Hellesylt-Geiranger var så lang at batteridrift ikkje var aktuell.
Då rapporten som vurderte om hydrogensatsinga kan gjennomførast kom i fjor haust var konklusjonen at hydrogen-prosjektet er fullt gjennomførbart. Men aktørane vil ikkje sette i gang før dei har ein kunde som kan kjøpe hydrogenet som blir produsert, i følgje næringssjef Inge Bjørdal i Stranda kommune.

Vi vente å sjå

På oppsummeringsmøtet i fjor haust var tilbakemeldinga frå Fjords og eigaren Fjord 1, at dei ville vente og sjå mellom anna fordi batteriteknologien har utvikla seg slik at Geiranger-Hellesylt på batteri kan vere innanfor rekkevidde.
Når den potensielt første kunden set seg på gjerdet, gjer kraftverkeigarane det og i følgje Bjørdal.
Han seier at kraftverkeigarane også kan få nytte av ei batteridrift på fjorden, fordi dei då kan levere straum til batteridrivne skip.

Publisert: 11.01.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17