Hydrogensatsing paa Hellesylt
GÅR TIL SPILLE: Elvekraftverket til Tryggestad Kraft ved Hellesylt (biletet) kan ikkje utnytte kraftressursane fullt ut fordi kraftnettet ikkje klarer å ta unna heile produksjonen ved maksimal vassføring. Løysinga kan vere å utnytte overskotsskraft til å produsere hydrogen - som i sin tur blir drivstoff for ferja på fjorden. Avfallstoffet frå hydrogenforbrenning er vatn.
Nytt

Hydrogensatsing på Hellesylt

Småkraftverka på Hellesylt skal forsyne ferja på fjorden med hydrogen. Har alliert seg med Hexagon Composites og Bellona.

20.01.2017
Under namnet "Hellesylt Hydrogen-hub" er ei arbeidsgruppe med Stranda kommune i spissen i gang med å kartlegge om det er råd å starte hydrogenproduksjon ved småkraftverka i Hellesylt, frakte gassen ned til kaia og bruke den til å drive turistferja som trafikkerer Geirangerfjorden. Blir det gass til overs kan den også brukast på bussar og bilar i turistbygda.
Med på laget er blant andre og Hexagon Composites og Bellona.
Prosjektet er eit døme på det adminstrerande direktør Jon Erik Engeset i Hexagon Composites kallar ei uventa rask utvikling i hydrogenmarknaden. Då Hexagon Composites for eitt år sidan etablerte hydrogen som eit eige forretningsområde hadde Engeset ikkje sett for seg at det skulle kome fleire større konkrete prosjekt på marknaden allereie no.

- Det er betydlege prosjekt som er komne på agendaen, seier Engeset.

Samarbeidsselskap

Hexagon Composites varsla i går at selskapet har inngått ein internsjonavtale med to andre selskap i hydrogenbransjen, norske NEL og svenske PowerCell, der poenget er å sameine kreftene for å få meir ut av den venta veksten i hydrogenmarknaden.

Engeset kallar det nye selskapet eit prosjektselskap, som skal hjelpe fram bruken av hydrogen.
- Kundar treng betydeleg tekniske støtte for å kome i gang, seier han.

Lagrar fornybar kraft

Dei tre småkraftverka i Hellesylt er såkalla elvekraftverk. Ved store nedbørsmengder må dei berre la ein del av vatnet renne forbi turbinane fordi kraftnettet ikkje er dimensjonert for å ta unna alt dei kan produsere.
Ved å bruke straumen til å produsere hydrogen får dei utnytta kraftressursane betre. Å bruke fornybar kraftproduksjon til å lage hydrogen - og dermed fange energi som ellers ville gå til spille - er ein av ideane bak NEL. Hexagon Composites lagar tankar til å frakte og oppbevare hydrogen. PowerCell lagar hydrogendrivne motorar - brenselceller.
(Hydrogen blir laga ved å spalte vatn. Koble startkablane på bilbatteriet og sett dei to ledige endane i ei bøtte med vatn. Då vil det boble oksygen opp frå den eine og hydrogen frå den andre. Oppskaler dette så har du det som skal til. Ved forbrenning er avfallstoffet reint vatn.)

Marin og maritimt

Satsinga for dei tre selskapa vil vere retta spesielt mot marin og maritim sektor, i tillegg til hydrogenproduksjonsanlegg.
Engeset peikar på Fiskerstrand Verft nyleg varsla at det skal bygge om ei ferje til hydrogendrift.
På den marine sida er Hexagon Composites i samtalar oppdrettsbransjen om å sette hydrogenbaserte aggregat som kan produsere straum ombord i fôrflåtar.

Publisert: 20.01.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:05