Hydrogen partnarskap for Havyard
HYDROGENDRIFT: Havyard utviklar eit system for å ta i bruk hydrogen som drivstoff i Havila Kystruten sine fire skip. 
Nytt

Hydrogen-partnarskap for Havyard

Havyard Group har alliert seg med Linde Engineering og PowerCell Sweden for å få godkjent system for hydrogendrivne skip.

04.11.2019
Linde Enginereing skal levere drivstofftankane og PowerCell skal lever brenselcelleanlegg til det hydrogendrivne framdriftsystemet Havyrad Group har under utvikling,
Målet er ha på plass den første godkjenninga frå Sjøfartsdirektoratet i løpet av eitt års tid. I dag er det ikkje noko regelverk for slike anlegg.
Når løysinga og første trinn i godkjenningsprosessen er på plass skal systemet tilbydast Havila Kystruten, som eventuelt vil ettermontere det i sine fire skip som skal trafikkerer strekninga Kirkenes-Bergen.

Støtte til hydrogen

Havila Kystruten er allereie med i eit støtteprogram for å ta i bruk hydrogen som drivstoff.
Satsinga kan gi skip opp til fem gongar lengre utsleppsfrie seglingar enn med tilsvarande eksisterande eller planlagde skip. Eit skip som brukar hydrogen som drivstoff har berre vatn som utslepp og kan ha mykje lenger rekkevidde en farty på batteri.

Ser til Nordvestlandet

Solcelleleverandøren PowerCell har allereie samarbeid med næringslivet på Nordvestlandet.
I 2017 gjekk Hexagon Composites - med Flakkfamilien som storaksjonær - saman med PowerCell og norske NEL og skipa selskapet Hyon. Hexagon lagar drivstofftankar og NEL lagar anlegg for produksjon og tanking av hydrogen. Målet for Hyon er at dei tre selskapa saman skal få større gjennomslag for bruk av hydrogen som drivstoff, også på sjøen.

Publisert: 04.11.2019 15:48

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43