Hustad med bok om kraftarbeidarane
LÆRT MYKJE: Forfattaren Jon Hustad forklarer korleis rørsjakta fungerte. Å jobbe i den 45 grader bratte og to meter breie sjakta var mellom dei tøffaste oppgåvene.
Nytt

Hustad med bok om kraftarbeidarane

Lanserte bok med historiene til mennene og kvinnene som jobba i Tussa under pionertida.

Marius Rosbach
11.11.2020
Onsdag var det invitert til lansering av Jon Hustad sin nye bok «Krafttaket». Forfattaren, historikaren og journalisten frå Bondalen har skrevet boka i høve Tussa sitt 60-årsjubileum.
I samband med lanseringa på Hotell Ivar Aasen var ein rekke tidlegare arbeidarar frå Tussa samla for å fortelje sine historier. For det er desse mennene og kvinnene boka til Hustad handlar om.

Historie om Tussa-arbeidarane

Tussa-sjef Elling Dybdal takka dei som hadde gått føre og gjort selskapet i stand til å produsere kring 280 millionar kilowattimar årleg som dei gjer i dag.

- Vi måtte ha ganske mange mann og kvinner sving for å skape dei kilowattimane, sa Dybdal og påpeika at eitt skikkeleg dagsarbeid tilsvara ein kilowattime.
Det er no kring 60 år sidan Tyssefossen, inst i Hjørundfjorden blei lagt i røyr og la grunnlaget for at Tussa kunne levere straum til heile søre Sunnmøre. I åra etterpå fram til 1966 skaut arbeidarane ut 15 kilometer med fjelltunnelar for å hente enda meir vatn til magasinet, både frå Hjørundfjord-sida og Hornindal-sida.

Artige historier - men også tragedie

Forfattaren har møtt ein rekke av dei som jobba under pionertida, for å høyre korleis dei opplevde utviklinga. Historiene er både «artige og kjekke», ifølgje forfattaren. Men det var også tragedie og 11 mannfolk døydde under utbygging.
Bror til forfattaren, Knut Hustad, fortalde korleis ideen om ei bok blei til, då han innsåg at terrenget var for ulendt til at det var mogleg å få til nokon form for kulturvandring. Difor måtte ei bok vere tingen, meinte han.

Imponert av ingeniørkunsten

Forfattaren Jon Hustad fortalde at det mest artige har vore å møte folka, men han trekte også fram kor mykje han har lært. Han erkjente at den tekniske innsikta ikkje alltid var på topp for hans eigen del, men då har Tussa-arbeidarane stilt opp for å forklare.
Noko Hustad var spesielt stolt over var at han ved hjelp av litt detektivarbeid hadde klart å få tak på teikningane til rørtralla som blei trykt i trykksjakta på Bjørke.
- Den var heilt genial og gjorde at dei kunne bygge den smalare enn før, sa han og konkluderte med at det har vore «fole artig å lære seg».
- No trur eg til og med at eg kan forklare korleis ein kraftstasjon verkar. Det kan eg love dokke, at eg ikkje kunne tidlegare, sa Hustad til latter frå salen.

Les også:




No trur eg til og med at eg kan forklare korleis ein kraftstasjon verkar. Det kan eg love dokke, at eg ikkje kunne tidlegare

Publisert: 11.11.2020 14:23

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04