Hurtigruter skal byggjast i Norge
KLEVEN: Hurtigruteskipper Rune Andreassen vert med på å byggje Hurtigruten sitt tredje skip på Kleven.
Nytt

- Hurtigruter skal byggjast i Norge

- Alle dei tilsette vart glade då det viste seg at det var Kleven som fekk oppdraget med dei nye ekspedisjonsskipa.

23.02.2017
Det seier hurtigruteskipper Rune Andreassen. For tredje gong skal han vere med på å byggje skip for Hurtigruten ved Kleven.
- Kleven er kjend for å gjere godt og grundig arbeid. Vi er godt nøgde med dei skipa vi tidlegare har fått herifrå.
Andreassen har siste tida vore skipper på MS Fram, det siste skipet Hurtigruten bygde. Dette skipet vart bygt ved det italienske Fincantieri-verftet i Trieste, og vart overlevert derifrå i februar 2006.

- Stor glede

Som dei nye Kleven-skipa, har MS Fram fungert som ekspedisjonsskip i polare strøk.
- Eg kunne sagt mykje om å byggje i Italia, men nøyer meg med å seie at det var stor glede hos alle då vi fekk vite at denne gongen fall valet på eit norsk verft.

Kystkultur

Andreassen seier at hurtigruten er vaskekte norsk kystkultur, og det følest feil for mange å byggje slike skip i utlandet.
- Ja, no er det slik det bør vere.
Andreassen har arbeidd for Hurtigruten i 32 år, og skal no følgje bygginga av MS Roald Amundsen i Ulsteinvik.
- Eg har fått meg leilegheit, og vert her til skipet er ferdig.

Dronning-dåp

Han er sjølv frå Svolvær, og har to gongar tidlegare vore hyrt inn for å følgje bygginga av to andre Kleven-bygde hurtigruter.
- Den første var MS Nordkapp med dåp av dronning Sonja i mars 1996, den andre var MS Finnmarken med dåp i april 2002.
- Bygginga av MS Nordnorge i 1997 var eg derimot ikkje med på.

- Kan ikkje samanliknast

Nordkapp kosta rundt ein halv milliard i 1996, medan ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen er stipulert til å koste rundt det doble.
Rune Andreassen seier at dei to skipa ikkje kan samanliknast, sjølv om MS Roald Amundsen ikkje er så mykje større enn gamle MS Nordkapp.
- Det er ein heilt annan kvalitet på det aller meste.

God test

Andreassen var nyleg med på testing av det nye ekspedisjonsskipet i modelltanken i Hamburg.
- Skipet oppførte seg heilt eksemplarisk.
- Dette gler vi oss til.
Skipet oppførte seg heilt eksemplarisk

Publisert: 23.02.2017 17:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06