Hurtigruten vurderer nytt Kleven skip
KLEVEN: Verftsdirektør Olav Nakken trur det vert fleire skip for Hurtigruten på Kleven, og han lovar at det ikkje vert nye utsetjingar for ekspedisjonscruiseskipet Roald Amundsen (bak) 
Nytt

Hurtigruten vurderer nytt Kleven-skip

Hurtigruten har kome langt i planlegginga av endå eit ekspedisjonscruiseskip frå Kleven.

11.10.2018
- Først må vi jobbe fram detaljane. Så må vi levere. Men vi håpar sjølvsagt å kunne teikne kontrakt.
Det seier Kleven-direktør Olav Nakken.
Ved verftet på Dimna er ein i full gang med å byggje ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen.
Roald Amundsen skal etter planen leverast i vinter, medan Fridtjof Nansen skal leverast på seinhausten.
- No må vi vise at vi klarer å levere desse skipa i tide og i tråd med den planen vi har.
- Det skal vi klare, seier Nakken.

- Ei vidareutvikling

Han opplyser at skipet under planlegging er ei modifisert utgåve av Roald Amundsen og Fridtjof Nansen. Dette er 140 meter lange og 23 meter breie hybridskip med mange cruisefascilitetar og plass til 530 passasjerar.
- Det er ikkje søsterskip, men ei vidareutvikling, seier Nakken.
Han meiner at Kleven har opparbeidd seg ein unik kompetanse gjennom bygginga av Roald Amundsen og Fridtjof Nansen.
- Ekspedisjonscruise er ei vekstnæring, og her er Kleven godt posisjonert for nye oppdrag.

Andre kontraktar

Nakken opplyser at det også blir jobba med andre mulege kontraktar.
- Ja, dette er prosjekt som ikkje er knytt til Hurtigruten eller til cruisesegmentet.
- Men det er ein type prosjekt som Kleven har god erfaring med frå før, seier Nakken.
For dei tilsette er nyheita om arbeidet med å sikre nye kontraktar godt nytt etter at Hurtigruten overtok fullt eigarskap av verftet, og 1. oktober sette inn Nakken som toppsjef etter Karsten Sævik.

1.150 innom portane

Det minkar no på stålarbeid ettersom dei siste ankerhandterarane til Maersk no er i ferd med å verte leverte, og stålarbeidet på Hurtigruten sine ekspedisjonscruiseskip er i sluttfasen.
- Arbeidet på dei ulike avdelingane går litt i bølgjedalar, men vi skal byggje og drive verft, og det er ingen planar om å redusere talet på tilsette, seier Nakken.
No er det rundt 1.150 arbeidar innom verftsportane på Dimna, inkludert eit stort antal leigearbeidarar og tilsette ved Kleven sitt dotterselskap Kleven Maritime Contracting.
Ekspedisjonscruise er ei vekstnæring, og her er Kleven godt posisjonert for nye oppdrag

Publisert: 11.10.2018 15:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26