Hurtigruten vil ligge lengre Opnar nye omraade
NØGD: Reiselivssjef Tom Anker Skrede (innfelt) trur turistar frå Hurtigruten vil ta i bruk større delar av regionen med lengre liggetid i Ålesund. 
Nytt

Hurtigruten vil ligge lengre: – Opnar nye område

Reiselivssjefen på Sunnmøre ser nye moglegheiter for reiselivet ved at Hurtigruten skal ligge seks timar lengre i Ålesund. 

Marius Rosbach
19.02.2020
Hurtigruten vil endre liggetidene for kystruteskipa langs kysten. Den største forskjellen langs kysten skjer i Ålesund der skipa frå 1. juni skal ligge i heile ti timar, ifølgje nettstaden Thetravelinspector.com.
Det er musikk i øyrene for reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.
– Vi synes det er veldig kjekt at Hurtigruten har lyst til å ligge her lengre og nytte seg meir av dei opplevingane og attraksjonane som er her. Vi har jobba for å betre posisjonen til regionen når det kjem til aktivitetar og opplevingar, og dette trur vi er eit svar på det, seier Skrede til NETT NO.
Etter endringa vil dei nordgåande hurtigruteskipa ligge til kai i Ålesund frå klokka 09.45 til 20.00 – noko som utgjer ei auke på heile seks timar. På sørgåande rute er det berre mindre endringar.

Trur på større aktivitet

Det gjer at dei reisenda får større moglegheiter til å utforske Ålesund, men også til å dra på turar til større delar av regionen.

– Heilt klart. Det betyr at turistar som reiser med Hurtigruten kan oppleve større delar av Sunnmøre enn dei har gjort før. Ein kan både starte på en tur her frå byen, og kanskje gå om bord att i Molde, og ein turistane kan reise til område ein kanskje ikkje har rekt tidlegare på grunn av reisetida. Dette opnar nye område for dei reisande frå Hurtigruten, seier Skrede.
I Hurtigruten har sendt ut i samband med endringane, skriv reiarlaget at dei trur auka liggetid i Ålesund kan gi auka aktivitet i regionen.
– Hurtigruten meiner Ålesund har eit betydeleg potensiale for vidare utvikling av reiselivet. Samstundes er byen eit naturleg utgangspunkt for opplevingar i regionen rundt, heiter det.

Les også:




Langt kortare i Molde og Kristiansund

Molde og Kristiansund får med desse endringane redusert liggetida frå meir enn to timar til eit kvarter, noko som truleg ikkje vil falle i god jord i Romsdal og Nordmøre. Reiselivssjefen på Sunnmøre har allereie vore i kontakt med reiselivskollegaer i nabodistrikta.
– Dei er naturleg nok skuffa, og håpar at det ikkje blir slik, seier Skrede som påpeiker at dei naturleg nok ikkje ønsker forholda verre for sine kollegaer lenger nord.

Same rute heile året

Samtidig ønsker Hurtigruten å ha same tider heile året for å forenkle logistikken og samarbeidet med godstransportørar og hamner. For å unngå ulike ruter til ulike sesongar, vil reiarlaget justere liggetida i Bergen. Anløp vil vere den same, men skipa skal segle frå byen ein time tidlegare, klokka 20.30.
Skrede trur tidlegare anløp frå Bergen nordover, også vil betre regulariteten ved anløp til Ålesund.
– Om det blir ei kjelde til mindre forseinkingar, er det betre for gjestar som både skal om bord og gå av i Ålesund, seier han.

Framleis turar til Geiranger og Urke

Hurtigruten held fram med dagsturane frå Ålesund til Geiranger og Hjørundfjorden frå sommaren og utover hausten.
Frå 1. juni til 31. august skal Hurtigruteskipa segle til Geiranger, med avgang frå Ålesund klokka 10. Skipa vil ligge ein time til kai i turistbygda, før retur til Ålesund 14.50.
Frå 1. september til 31. oktober segler skipa til Hjørundfjorden frå Ålesund klokka 12.15. Her skal dei ligge til kai i Urke i 3,5 timar, og segle tilbake klokka 15.45.

Les også:




Hurtigruten meiner Ålesund har eit betydeleg potensiale for vidare utvikling av reiselivet. Samstundes er byen eit naturleg utgangspunkt for opplevingar i regionen rundt

Publisert: 19.02.2020 12:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53