Hurtigruten tek over
TEK OVER:  Klevenkonsernet blir delt. Hurtigruteselskapet KBE Holding tek over verksemda i Ulsteinvik. Her er Hurtigrutenaksjonær Petter Stordalen og konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten  på besøk på verftet i fjor haust.
Nytt

Hurtigruten tek over

Eit datterselskap av Hurtigruten blir ny eigar av Kleven Verft i Ulsteinvik. Tilfører inntil 600 millionar.

11.06.2018
Selskapet KVE Holding blir eigar av Kleven Verft, Kleven Maritime Contracting og Kleven Maritime Technology, frå informasjonsmøtet som pågår på Kleven no.
KVE Holding er heileigd av Hurtigruten.
Dagens eigarar av Kleven-konsernet held fram som eigarar av Myklebust Verft, slik som skissert i NETT NO sin artikkel om framlegget til refinansiering i slutten av mai.

600 millionar

I samband med at KVE Holding tek over Kleven-selskapa i Ulsteinvik blir det tilført inntil 600 millionar kroner i likviditet, i følgje ei pressemelding.
Både bankar, kundar og eigara bidreg til løysinga, i følgje pressemeldinga, som ikkje seier noko om kor mykje som eventuelt er lån, gjeldslette eller eigenkapital.

Dyrare enn venta

I september i fjor gjekk ei rekke investorar, mellom dei Petter Stordalen, Åge Remøy og deler av Klevenfamilien inn med til saman 300 millionar kroner i ny eigenkapital for å berge verftskonsernet.
Det var ikkje nok.
Auka kostnadar knytt til fleire av verftet sine prosjekt har gjort det nødvendig med ytterlegare likviditetstilførsel, heiter det i pressemeldinga.
I år har det blitt klart at også levering av det andre av to skip Kleven byggjer for Hurtigruten er forseinka, og tidlegare i år blei bygginga av eit cruiseskip i samarbeid med Klevenmedeigar Lürssen kansellert.

Sikrar arbeidsplassar

- Dette er ei svært god løysing som gir oss ro til å fokusere på å bygge nokon av verdas mest avanserte skip, og rigge Kleven for framtida. Dette sikrar arbeidsplassane ved det som er ei hjørnesteinsbedrift i Ulsteinvik og svært viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre, seier konsernsjef Karsten Sævik i Kleven i pressemeldinga.
I ei overgangsfase vil Myklebust Verft få administrative tenester frå Kleven Verft.

Ingen kutt

Hovudtillitsvald Therese Hjelmeset i Fellesforbundet kallar dagens melding "kjempebra".
- Førebels er det ikkje planar om nedbemanningar og omstruktureringar på vår side, sier Hjelmeset.

Publisert: 11.06.2018 12:22

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22