Hurtigruten stadfestar bod paa Kystruta
KYSTRUTEN: Hurtigruta Kong Harald på veg inn under Herøybrua. Hurtigruten AS vil framleis drive med hurtigrute-trafikk langs kysten, men det er framleis uklart kven andre som har levert inn bod på å trafikkere strekninga Bergen- Kirkenes.
Nytt

Hurtigruten stadfestar bod på Kystruta

Hurtigruten har levert inn bod på Kystruta Bergen - Kirkenes, ei rute selskapet har trafikkert sidan starten i 1883.

12.01.2018
Fredag klokka tolv gjekk fristen ut for å leggje inn anbud på pakkane i neste anbudsperiode.
- Vi kan stadfeste at Hurtigruten har levert vårt bud på Kystruten, seier kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten, i ei pressemelding.
Samferdsledepartementet har delt opp dei nye tilboda i tre pakkar, fordelt på tre, fire og fire båtar.

Ingen detaljar

Hurtigruten vil ikkje gå i detalj om sine anbud.
- No går vi inn i ei ny fase, som kan inkludere forhandlingar. Difor ber vi om forståing for at vi inntil vidare ikkje kan gå inn på detaljar om kva vi har bode på og innhaldet i det vi har levert, seier Bjørnflaten.
Hurtigrute-aksjonærar er no medeigarar i Kleven-konsernet, som byggjer dei to hybridskipa RS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen.

Vil uansett segle

I desember opplyste Hurtigruten at dei to skipa skal inn på ekspedisjonsseglingar langs norskekysten frå sommeren 2019.
Hurtigrute-direktør Daniel Skjeldam slo deretter fast at Hurtigruten uansett kjem til å segle på norskekysten, anten ein vinn anbudet eller ei.

Tilbakekjøp

Torsdag vart det elles kjent at Hurtigruten kjøper tilbake MS Nordlys. Før jul kjøpte selskapet tilbake Richard With. Dei to skipa vart selde til komandittselskap i ei tid då dei tidlegare hurtigruteselskapa OVSD og TFDS hadde økonomiske problem.
Begge dei to skipa skal gjennom omfattande oppgraderingar, mellom anna ved bygging av fleire større lugarar.
Til NETT NO vert det opplyst at arbeidet med Richard With skal starte i fjerde kvartal i år, medan arbeidet med Nordlys er planlagt oppstarta i første kvartal i 2019.

Publisert: 12.01.2018 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:17