Hurtigruten overtek Kleven i Ulsteinvik
KLEVEN: Petter Stordalen og Hurtigrute-aksjonærane er i ferd med å skyte inn meir kapital i Kleven. Her er Stordalen saman med Hurtigrute-direktør Daniel Skjeldam. 
Nytt

Hurtigruten overtek Kleven i Ulsteinvik

Myklebust Verft og Kleven Verft får ulike eigarar etter at Hurtigruten overtek kontrollen på Kleven i Ulsteinvik.

30.05.2018
Kleven treng meir pengar for å ferdiggjere dei to ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridtjof Nansen til Hurtigruten.
Løysinga som eigarane no ser ut til å vere samde om går ut på at Hurtigrute-aksjonærane skyt inn ny kapital i Kleven Verft, i tillegg til at bankane bidreg.
Det skal vere snakk om betydelege summar.

Ulike eigarselskap

Ved at Kleven Verft vert utskilt, betyr løysinga i praksis at Kleven i Ulstein og Myklebust Verft i Sande får ulike eigarar.
Saka vert oppdatert.
Etter ei refinansiering i september 2017, har verftskonsernet vore eigd av Kleven Maritime Invest, der Petter Stordalen og Hurtigrute-aksjonærar sikra seg nesten 40 prosent eigarskap etter ein emisjon på 300 millionar kroner.
Med på laget fekk dei Åge Remøy og Magnus Roth, som gjennom selskapet In Nor Vest gjekk inn med 60 millionar kroner og fekk 19 prosent eigarskap.
John Kleven AS fekk 16,6 prosent, det tyske verftskonsernet Lürssen 11,1 prosent og Asker-investoren Paul Arne Lillebø 6,3 prosent.

Hurtigrute-aksjonærar pungar ut

Etter det NETT NO kjenner til er det berre Hurtigrute-aksjonærane som vert med på pengeinnsprøytinga som skal til for å få finansiert opp Kleven-verftet, og ferdiggjere dei to ekspedisjonscruiseskipa som er under bygging på Kleven.
Hurtigrute-grupperinga som er eigarar i dag er Silk Bidco (15,9 %), Strawberry Capital (7,9 %) og det britiske investeringsfondet TRD (15,9 %) der Petter Stordalen er hovudaksjonær.
Løysinga som eigarane skal vere samde om betyr i praksis at Hurtigrute-aksjonærane overtek full kontroll i Kleven i Ulsteinvik.

- Ingen kommentar

Konsernsjef Karsten Sævik ønskjer ikkje å kommentere NETT NO sine opplysningar.
- Dette har eg ingen kommentar til. Dette er ei eigarsak, seier han.
Kommunikasjonsdirektør Rune Thomas Ege i Hurtiguten seier følgjande på mail:
"For spørsmål om Klevens eierskap, henviser vi til Klevens styreleder."
Styreleiar Leif Teksum svarar følgjande på mail til NETT NO:
"Jeg har ingen kommentar til denne saken."

Miste cruisekontrakt

Den tyske verftsgruppa Lürssen har nyleg kansellert ein avtale med Kleven om bygging av eit 100 meter langt luksuscruiseskip, der skipet skulle byggjast ved Kleven og utrustast ved det tyske verftet.
Frå før har danske Maersk fått utsett ferdigstilling av dei fire siste av ein serie på seks store ankerhandterarar.
Kleven ventar no på endeleg stadfesting på ein storkontrakt om eit 175 meter langt diamantleiteskip til de Beers.
Intensjonsavtale vart skriven i november i fjor.

Publisert: 30.05.2018 11:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22