Hurtigruten nekta aa teste mannskap for korona
FRIDTJOF NANSEN: Ekspedisjonsskipet Fridtjof Nansen på veg til Ulsteinvik i mai. 
Nytt

Hurtigruten nekta å teste mannskap for korona

Medan reiarlaget hadde isolert sjuke om bord, ville dei segle Fridtjof Nansen til Ulsteinvik. Etter krav om koronatest, sa leiinga nei og viste til risikoen for negativ presse.

Marius Rosbach
27.10.2020
Då hurtigruteskipet Fridtjof Nansen kom til Norge i slutten av mars var 19 sjøfolk om bord satt i isolasjon grunna sjukdom allereie, skriv i en lengre reportasje om korleis Hurtigruten har handtert koronasituasjonen.
Planen til Hurtigruten var på tidspunktet å segle skipet til Kleven-verftet i Ulsteinvik. Dette blei endra etter at Hurtigruten nekta å teste dei om bord for korona etter krav frå kommunelegen i Ulstein.

Viste til risikoen for negativ presse

Dokumentasjon som kanalen har fått tilgang til viser at smittevernkontoret i Bergen blei avvist då dei tok direkte kontakt med skipet 30 .mars. Via Bergen hamn fekk dei opplyst at skipet ville «vente ut» sjukdomen hos dei seks som då var isolerte om bord.
Den no avgåtte Hurtigruten-direktøren Bent Martini ga først beskjed om at han ville ta opp saka med Hurtigruten-sjefen Daniel Skjeldam, og viste til at resultatet kunne være «enorm uønsket medieoppmerksomhet».
Martini har i den seinare granskinga opplyst Skjeldam meinte at omsynet til negativ presse, gjorde at dei ikkje skulle segle til Ulsteinvik. Skjeldam sjølv har fortalt at han ikkje var involvert i sjølve avgjersla.

Testa positivt på korona i mars

I tida etterpå opplyste reiarlaget at det ikkje hadde vore koronasmitte på skipa deira, før utbrotet på MS Roald Amundsen i sommar.
NRK skriv samtidig at allereie 11. mars vart ei norsk kvinne som jobba på skipet sjuk. Ho fekk lov til å reise heim og drog rett i karantene. Ho testa positivt på korona, og stadfestar til kanalen at ho meldte frå om dette til fleire leiarar i Hurtigruten.

Les også:




Publisert: 27.10.2020 09:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04