Hurtigruten har strekt seg langt
KLEVEN: Fridtjof Nansen tilbake ved Kleven Verft etter prøvetur. Skipet vert levert før nyttår, Hurtigruten betalar det skipet faktisk kostar og har saman med bankane strekt seg langt for å finne ei løysing som sikrar vidare drift ved verftet.
Nytt

Hurtigruten har strekt seg langt

Fridtjof Nansen er i rute, men for å sikre at Kleven Verft overlever har Hurtigruten auka prisen på skipet, og kan verte auka endå meir.

02.12.2019
- Vi leverer før årsskiftet og vi er i rute.
Det fastslår Kleven-direktør Kjetil Bollestad til NETT NO.
Prøveturane pågår no for Fridtjof Nansen, Hurtigruten sitt førebels siste ekspedisjonscruiseskip frå Kleven.

Avtale om variabel prisauke

Årsmeldinga til Kleven Verft er no klar i Brønnøysundregistra, og der går det fram at for å få plass ein berekraftig restruktureringsavtale med bankane for å sikre vidare drift av nye Kleven, det som førebels heiter Kleven Newco, har Hurtigruten strekt seg langt.
Blant anna har Hurtigruten, som er identisk med eigaren av Kleven, auka prisen på Fridtjof Nansen, ein prisauke som er innbaka i 2018-reknskapen.
I tillegg er det inngått ein klausul om ein variabel prisauke utfrå kva som vert den endelege prisen på Fridtjof Nansen.
I 2018-tala ligg det inne beste estimat for denne variable prisauken.

Positiv eigenkapital

I det nye Kleven-selskapet, som skal føre verftet vidare, og som er til sals, ligg det ikkje inne anna gjeld enn driftskreditt og langsiktig gjeld knytt til finansiering av driftsmidlar, ei gjeld som er på 130 millionar kroner.
Medan gamle Kleven har slitt tungt økonomisk, startar Nye Kleven med positiv eigenkapital. Eigenkapitalen i gamle Kleven var på minus 348 millionar kroner.
Styret skriv i årsmeldinga at forretningsplanen for Kleven Newco viser at det er tilstrekkeleg likviditet ut 2020 basert på den kontraktsportefølgjen som ein har tru på vert materialisert.

Betalar det skipet kostar

For den resterande gjelda skal den anten konverterast til eigenkapital ved levering av Fridtjof Nansen, eller seinast 31.12.2020.
I praksis er løysinga slik at Hurtigruten betalar det Fridtjof Nansen faktisk kostar, medan bankane konverterer deler av gjelda.
Kleven Verft hadde i snitt i fjor 293 eigne tilsette, tjue færre enn året før.

Publisert: 02.12.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:46