Hurtigruten ASA vil segle kvar dag
KONKURRERER KVAR DAG: Konsernsjef Daniel Skjeldam (til høgre) vil by Per Sævik konkurranse langs kysten kvar dag. Reindyrkar turistsatsinga når Sævik sin skip trafikkerer kystrutesambandet. Til venstre Hurtigruten-aksjonær Petter Stordalen.
Nytt

Hurtigruten ASA vil segle kvar dag

Skal konkurrere om utanlandsturistane dei dagane Havila Kystruten skal trafikkere kystrute-sambandet.

23.03.2018
Samferdselsdepartementet har delt oppdraget med å trafikkere den daglege gods- og transportruta mellom Bergen og Kirkenes mellom Hurtigruten ASA og Havila Kystruten, eit selskap eigd av Sævik-familiens selskap Havila Holding.
Sju av dagane er det Hurtigruten ASA sine skip som skal trafikkere ruta, fire av dagane er det Havila Kystruten som skal stå for trafikken.

Same dagar, færre stopp

Dei dagane Havila Kystruten står for trafikken skal også Hurtigruten ASA trafikker strekninga, seier konsernsjef Daniel Skjeldam i Hurtigruten ASA.
På dei dagane skal Hurtigruten drive utan statstøtte, med færre stoppestadar, men lengre opphald på kvar stad. Regelverket er slik at Hurtigruten ikkje kan ta på lokaltrafikkpassasjerar desse dagan, men kan for eksempel tilby eit cruisetilbod Bergen-Kirkenes eller Kirkenes-Bergen, i følgje Skjeldam.
Skjeldam har god tru på at Hurtigruten skal få lønsemd i trafikken.
- Vi har ei veldig sterk merkevare i utlandet, seier han.

Nyare skip

Hurtigruten ASA kjem til å bruke skipa som er bygd før 2000 på rutene der selskapet får statstøtte.
I det heilkommersielle tilbodet vil selskapet bruke tre skip som er bygd i 2002/2003; Trollfjord, Finnmarken og Midtnatsol og eitt av dei to nybygga som skal leverast frå Kleven; Roald Amundsen eller Fridtjof Nansen.

Ville ikkje konkurrere

I følgje Samferdselsdepartementet får Hurtigruten ASA og Havila Kystruten tilsaman 788 millionar kroner for å trafikkere dei 34 hamnene frå Kirkenes til Bergen.
Skjeldam kallar forhandlingane med staten "knalltøffe".
- Vi har strekt oss ekstremt langt - for å få anbodet - på pris, seier han.
Konkurransen med Havila Kystruten gjorde at Hurtigruten ASA ikkje ville prøve å vinne alle avgangane i kystruten.
- Det var aldri aktuelt for oss å matche Per Sævik på pris for å vinne anbodet på 11 skip, seier Skjeldam.

Publisert: 23.03.2018 17:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:20