Hurtigbaatruta til kai for vinteren
SLUTT FOR VINTEREN: Hurtigbåtruta Ålesund-Stad starta som ei reserveløysing då cruisepassasjerane til Cruise Service ikkje kom i år. Dei har mellom anna nytta båten Gabriele til turen.
Nytt

Hurtigbåtruta til kai for vinteren

– Eg har framleis trua, men vi har hatt mykje i mot oss, seier Kåre Molvær i Cruise Service etter erfaringane på Ålesund-Stad-ruta.

Marius Rosbach
23.10.2020
Frå denne veka var det slutt på hurtigbåt-ruta mellom Ålesund og Stad for vinteren. Cruise Service som har stått for drifta, vil vurdere om det er liv laga å starte opp att til våren.
– Eg har framleis trua på dette, men vi har hatt mykje i mot oss. Vi såg tidleg kor det bar, men fullførte det vi hadde lova, fortel dagleg leiar Kåre Molvær til NETT NO.
Dei slår fast at tilbodet slik det har vore, ikkje er økonomisk lønnsamt. Allereie ved starten av oktober opllyste selskapet at dei hadde gått kring ein halv million i underskot.

Forsøkte ulike avgangar

I starten gjekk dei ytre leia med stopp mellom anna i Fosnavåg, men den siste tida gjekk dei indre lei med Eiksund som anløp på ruta.
Dei forsøkte seg også med ulike avgangstider, først med ein avgang om dagen, og deretter med to avgangar tre gonger i veka. Det siste alternativet var meint å treffe pendlarar og lokale folk betre.
– Vi opplevde at det var meir trafikk på turane som gjekk ytre leia, men det kan også vere avgangane som gjorde det, seier Molvær.
Ei passasjergruppe som i svært liten grad nytta ruta, var lokalfolk frå Stad på ærend ein dag, eller to i Ålesund.
– Vi håpte på den gruppa, men dei kom ikkje, forutan eitt eldre ektepar, fortel han.

Vil vurdere oppstart til våren

Per i dag er Molvær usikker på om det er grunnlag for ei heilårsrute. Ein usikkerheit er også koronapandemien, og korleis den har påverka brukargrunnlaget med heimekontor og mindre reising.
– Vi skal telje opp dei siste tala. Så vil styret ta ei evaluering på kva vi skal gjere. Det er ein del som kan gjerast betre, som skilting og kommunikasjon på signalstoppa, mellom anna. Også trur eg at vi skal legge opp tilbodet etter kva lokale folk ønsker, legg Molvær til.
Han trur turistane uansett vil finne tilbodet, om det kjem i stabil drift.
Det er ein del som kan gjerast betre, som skilting og kommunikasjon på signalstoppa, mellom anna. Også trur eg at vi skal legge opp tilbodet etter kva lokale folk ønsker

Publisert: 23.10.2020 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03