Hurtigbaatkontrakt til GS Marine
GURSKENBÅT: GS Marine skal bygge to 24 meter lange passasjerkatamaranar til Norled.
Nytt

Hurtigbåtkontrakt til GS Marine

GS Marine skal bygge to passasjerkatamarar for Norled. Treng fleire folk.

23.07.2020
Katamaranane som hurtigbåtbyggeriet i Gursken skal bygge blir 24 meter lange og får plass til 86 passasjerar kvar. Det er dei største båtane selskapet har bygd.
NETT NO sitt anslag er at det er snakk om eit oppdrag på over 40 millionar kroner for GS Marine.
- Vi sikrar arbeidarane våre arbeid eitt år fram i tid, seier dagleg leiar Geir Flø.

Fleire årsverk

GS Marine har 16 tilsette. Kontrakten med Norled gjer at selskapet må auke bemanninga. Korleis det skal gjerast blir avgjort etter jul, sier Flø.
I tillegg til dei to Norled-kontraktane har GS Marine ein hurtigbåt under bygging for Norland fylkeskommune.
Det er den sjette båten selskapet byggjer for fylkeskommunen på same kontrakt. Selskapet og fylkeskommunen inngjekk i 2014 ein avtale om bygging av i alt fem hurtigbåtar, med opsjon på ytterlegare fem båtar. Alle dei fem første båtane er levert. Den båten som er under bygging no er den første opsjonen fylkeskommunen har nytta. Fristen for å nytte opsjon nummer sju er først neste år. Blir det bygging av alle ti er det snakk om eit oppdrag på rundt 180 millionar kroner for båtbyggeriet.

Hybrid

Dei to hurtigbåtane skal vere klare til trafikk frå 1. januar 2019 og skal trafikkere to ruter som Norled driv i Rørværsambandet ved Haugesund.
Den eine katamaranen blir ein hybrid, som skal kombinerer diesel og batteridrift. Den andre skal gå på diesel, men blir utrusta for å kunne gå over til hybriddrifts seinare.
GS Marine har utvikla meir energieffektive skrog og begge dei to katamaranen som skal byggast for Norled vil ha reduserte drivstoff-forbruk samanlikna med tidlegare modellar, høvesvis 30 prosent for båten som kombinere batteri og diesel og 20 prosent reduksjon for den som går på diesel, i følgje Flø.
Hybridbåten får framdriftslinje frå Servogear og intergrert hybrid elektrosystem frå Brunvoll Mar-El, i følgje ei pressemelding frå Bundvoll-konsernet.
Vi sikrar arbeidarane våre arbeid eitt år fram i tid

Publisert: 23.07.2020 13:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16