Hurtigbaatforbundet ber fylka kjappe seg
TØFFARE: Befolkningsgrunnlaget for ei hurtigbåtrute mellom Ålesund og Bergen tilsvarar 69 prosent av befolkningsgrunnlaget for dagens rute mellom Selje og Bergen, i følgje eit notat Randi Humborstad (biletet) i styringsgruppa for Stad skipstunnel har fått frå Hurtigbåtforbundet. 
Nytt

Hurtigbåtforbundet ber fylka kjappe seg

Det hastar med å kartlegge marknaden for hurtigbåtrute gjennom Stad skipstunnel meiner Hurtigbåtforbundet.

19.06.2018
Direktør Ottar J. Aarø i Hurtigbåtforbundet seier forbundet har fått signal om at den politiske behandlinga fram mot ei avgjerd om bygging av Stad skipstunnel vil starte om kort tid.
Difor meiner han Vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal alt i år må kome i gang med kartlegging av marknaden for ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund.
Alle dei tre fylke har intensjonsvedtak om å løyve 300.000 kroner kvar til ei slik utgreing og planen er å lyse ut utgreiingsoppdraget i haust.

Viktig å kome i gang

Det er viktig å kome i gang med arbeidet alt i haust for å auke sjansen for at omsynet til hurtigbåttrafikken blir lagt vekt på når framtida til skipstunnelen blir avgjort, etter Aarø si vurdering.

Det siste konsekvensanalysen over skipstunnelen var mellom anna skeptisk til om det ville kome noko hurtigbåtrute gjennom tunnelen. Det er er ei feilvurdering, slik Aarø ser det.

60 prosent

I eit notat til styringsgruppa for Stad skipstunnel skriv Aarø at befolkningsgrunnlaget for å bruke hurtigbåt nord for Stad utgjer 69 prosent av dei som soknar til dagens hurtigbåtrute mellom Selje og Bergen.
Hans vurdering er at ei slik rute mellom anna vil knyte heile søre Sunnmøre og Måløyområdet tettare til flyplassen på Vigra og gjere det råd å reise mellom Selje og Ålesund på ein og ein halv time.

Publisert: 19.06.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23