Hovudtillitsvald Utan allmengjering stoppar rekruttering
IKKJE BLID: Arne Otto Rogne reagerer på Midsund Bruk-direktør Jan Emblemsvåg sitt angrep på allmengjeringa av tariffavtalar på norske skipsverft. 
Nytt

Hovudtillitsvald: Utan allmengjering stoppar rekruttering

Dersom Jan Emblemsvåg hadde fått det som han ville hadde det allereie vore slutt på rekrutteringa av nordmenn til skipsbyggingsindustrien. Dessutan hadde det vore uråd å få dyktige fagfolk frå utlandet på grunn av lave lønningar, meiner Arne Otto Rogne, konserntillitsvald i Vard og styremedlem i Maritimt Forum Nordvest.

13.11.2018
Rogne reagerer sterkt på synspunkta Jan Emblemvåg kjem med i eit intervju og eit innlegg i NETT NO, der Emblemsvåg kritiserer allmenngjeringsordninga som har lovfesta norske tariffvilkår for utanlandske arbeidarar på norske verft.


- Eg blir meget provosert, det blir eg. Det er brei politisk semje om at vi skal ha eit organisert, seriøst arbeidsliv i Noreg. Allmengjering er med på å sikre at dei som jobbar i Noreg skal ha ei anstendig løn, seier Rogne.

Får ikkje folk frå utlandet

I dag er det stigande etterspørsel etter folk til verfstindustrien og Rogne seier det ikkje er råd å rekruttere nok folk i Noreg til å sikre kapasitet til å ta toppane i produksjonen.
Men dersom lønningane til utanlandske arbeidarar skal ned, kjem det ikkje til å bli lett å få tak i kvalifisert utanlandsk arbeidskraft heller. Då har dei alternativ som er meir attraktive, slik Rogne ser det. Verfta kan ikkje berre leige inn folk fordi dei er billege.
- Viss du trur at flinke fagfolk vil kome frå Polen og jobbe for 40-50 kroner timen så må du tru om igjen, seier Rogne.

Slutt på rekruttering

Allmenngjeringa av tariffavtalar - som betyr at tilsette minst har krav på minsteløna i tariffavtalane - sikra at norsk skipsbyggingsindustri framleis rekrutterer norsk ungdom inn i bransjen.
Hadde Emblemsvåg fått det som han ville, og allmenngjeringa ikkje hadde blitt vedtatt hadde rekrutteringa allereie tørka inn og grunnlaget for utdanningstilbodet inn mot den maritime industrien vore kraftig forvitra.
- Då ville ingen søkt seg til den bransjen, seier Rogne.

Uroa for innleige

Rogne meiner det er kritisk for verfta å oppretthalde norske tilsette i alle ledd. Den kompetansen går tapt om Emblemsvåg får det som han vil, meiner han.
I eit intervju med NETT NO sommaren 2014, like før oljeprisen fall, var Rogne uroa over den høge andelen leigearbeidarar i verftsindustrien.
Nordmenn hamna i stor grad i leiande stillingar og kompetansen i bedriftene blei svekka fordi verfta hadde få eigne tilsette i sjølve produksjonen.
- Eg meiner det burde vere fleire fast tilsette. Skal vi klare å oppretthalde kompetansen lokalt er vi nøydd til å ha nokon som kan videreføre den kompetansen, sa Rogne.

Viss du trur at flinke fagfolk vil kome frå Polen og jobbe for 40-50 kroner timen så må du tru om igjen

Publisert: 13.11.2018 12:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28