Hotellsjef med luftige byggjeplanar
TIL SKOGS: Gloppen Hotel-sjef Preben Moen satsar og på hytter i tretoppane i lia over Sandane sentrum.
Nytt

Hotellsjef med luftige byggjeplanar

Preben Moen vil byggje i tretoppane.

13.03.2018
NPK: Hotellsjef Preben Moen ved Gloppen hotell nøyer seg ikkje med å invitera gjestene til det familiedrivne hotellet på Sandane. No vil han tilby folk spektakulære hytteopplevingar i tretoppane.
– Vi vil plassera ein kabin på tretoppane, så det vil bli som ein flykabin med mykje store glasoverflater. Gjestene kan velja om dei vil at glasa skal vera sota eller ikkje. Du kjem ikkje nærmare naturen enn dette, seier Moen til avisa

Fire nye hytter

Ideen er ei vidareføring av ei trehytte glopparane Olav Aabrekk og Jan Roger Engeset bygde i tretoppane på Engesetåsen i Gloppen i fjor. Tilbodet har blitt svært populært, og no blir det luftige tilbodet utvida med fire luftige kabin-hytter.
Det er selskapet Engeset trehytter som står bak prosjektet, der hotellsjefen er ein av dei tre som er med. Dei to andre er Olav Aabrekk og Jan Roger Engeset.

Klar i mai

Prosjektet er ifølgje avisa kostnadsrekna til fem millionar kroner, og målet er at dei nye hyttene i tretoppane skal vera på plass i mai.
Hotellsjefen har stor tru på satsinga – ikkje berre for sin eigen del, men også for andre.
– Dette prosjektet er også i tråd med bodskapen til regjeringa, nemleg å finna andre næringar for bønder og bruka areal ein ikkje får nytta til andre ting, seier Moen som ser eit stort potensial i ideen om å byggja hytter i tretoppane.

Publisert: 13.03.2018 14:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19