Hotell gjekk i pluss saa vidt
Dei Haagensen-eigde hotella gjekk alle i pluss i fjor. Frå venstre: Hotel Noreg, Hotel 1904 og Scandic Parken.
Nytt

Hotell gjekk i pluss – så vidt

Kontantstøtta som Haagensen-hotella har fått i samband med koronakrisa, utgjer det fleirdoble av overskotet i fjor.

Marius Rosbach
04.08.2020
Dei tre hotella i Ålesund som er eigd av Haagensen-familien, gjekk alle i pluss i fjor. Det viser rekneskapene som nyleg er gjort offentleg via Brønnøysundregistera (sjå tabell til høgre – under om du les på mobil).
Selskapa er Hotelldrift Ålesund – som står for drifta av Scandic Parken-hotellet, Hotel Noreg – som driftar det tidlegare Thon-hotellet i sentrum og Hotel 1904 – som hadde sitt første heile driftsår i 2019.

5,5 mill. i koronastøtte

Hotella har vore hardt råka av koronakrisa noko som er omtala fleire gonger av NETT NO.
Koronapandemien blir også omtala i årsberetningane, men leiinga meiner hotellselskapa skal klare seg gjennom utfordringane. Her blir det påpeika at verksemdene har fått offentleg støtte for å kome gjennom den tøffe perioden.
Berre i kontantstøtte har dei tre selskapa fått meir enn 5,5 millionar kroner i kompensasjon. I tillegg kjem anna støtte mellom anna i samband med permitteringar.
Scandic Parken-selskapet er tildelt desidert mest med 3,74 millioner på bakgrunn av inntektssvikt i mars, april og mai. Det er også mest av alle selskapa på Nordvestlandet so langt. Hotel Noreg er tildelt 1,18 millionar og Hotel 1904 har fått 0,6 millionar i kontantstøtte.
Til samanlikning hadde dei tre hotellselskapa eit samla driftsresultat på knappe to millionar i 2019.

Les også:


Grov:



Parken er størst

Scandic Parken-hotellet har klart størst omsetning av dei Haagensen-eigde hotella.
Inntektene på 83 millionar kroner, er tilsynelatande ein nedgang frå året før. Men 2019 var det første året då berre Parken-drifta utgjorde heile omsetninga. Tidlegare har noverande Hotel Noreg vore i dette selskapet - og omsetninga er difor på nivå med åra før.
Eit driftsresultat på 1,5 millionar kroner gir ein driftsmargin på under to prosent.

Pluss på første forsøk

1904-hotellet i Løvenvoldgata enda sitt første heile driftsår med ei omsetning på 16 millionar kroner. Bygningen har vore gjennom ei omfattande restaurering, og det skal framleis byggjast om fleire rom og andre areal.
Resultat for 2019 enda så vidt i pluss for hotellselskapet, der også Andre Klevberg og Åse Stensvaag eig 40 prosent.

Noreg på eigne bein

Også Hotel Noreg – tidlegare kjent som Thon-hotell – enda fjoråret i pluss etter ei omsetning på 22 millionar.
Også her var lønnsemda mager med eit driftsoverskott på knappe 260.000 kroner.
No er det klart at hotellet skal stå på eigne bein framover utan kjedetilknyting. Det er også gjort noko oppussing ved hotellet i løpet av dei siste månadene.
Frå hausten er det Scandic Ålesund som blir Thon-hotellet i Ålesund.

Les også:




Publisert: 04.08.2020 11:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00