Horizon etablerer norsk offshoreselskap
<strong>HORIZON:</strong> Ankerhandteraren Bourbon Arctic skiftar straks namn til Horizon Arctic. Drifta skal framleis skje frå Herøy.
Nytt

Horizon etablerer norsk offshoreselskap

Canadiske Horizon Maritime har kjøpt Bourbon Arctic og har etablert eige selskap i Norge. Målet er vekst.

03.04.2019
- Horizon har intensjon om å etablere ein langsiktig og sterk tilstadeverelse i Norge.
Det seier adm. dir. Børge Nakken i nyetablerte Horizon Maritime Offshore AS i Norge.

Det nye norske offshoreselskapet har forretningsadresse Fiksdal, der Nakken bur.
- Ting skjedde raskt i forbindelse med avtalen så vi valde min privatadresse i forbindelse med registreringa.

Vann bodkamp

Det var Horizon Maritime Offshore som til slutt fekk tilslaget på kjøp av Bourbon Offshore-skipet Bourbon Arctic. Dette skjedde etter ein bodkamp der også fleire lokale offshoreselskap deltok.
Den Vard Brattvaag-bygde ankerhandteraren frå 2016 vert rekna som ein av dei råaste i klassen. Mellom anna har båten høg isklasse og ein stor vinsjpakke.

Skal driftast frå Herøy

Det var det skipseigande franske selskapet Caroline 63 som no stod som eigar av skipet, men Bourbon Offshore Norway i Herøy har sidan 2016 hatt managementet og stått bak drifta.
Børge Nakken seier at det vidare drift skal skje frå Fosnavåg.
- Det er inngått avtale med Bourbon Offshore Norway i Fosnavåg om drift og management.

Skandinavisk mannskap

Skipet er innreidd for 60 personar, men om bord er det normalt 15 mann på to skift. Mannskapet er skandinavisk. Her vert det ingen endringar, ifølgje Nakken.
- Mannskapet vert det same. Dette sikrar god kvalitet og kontinuitet for fornøgde kundar.
Frå midten av 2016 har Bourbon Arctic vore på kontrakt med Lundin i Barentshavet, først for å bistå den halvt nedsenkbare boreriggen Leiv Eriksson.
Nyleg vart denne kontrakta forlenga med nok ein Lundin-brønn der oppstart var 18. februar. Båten er no i Nordsjøen.
- Det er ingen planar om at fartøyet skal forlate Nordsjøen, seier Nakken.

Kjøpte Kleven-skip

Horizon er det same selskapet som i 2017 kjøpte eit skip som i snart to år vart liggjande ved Kleven Verft etter at det malaysiske reiarlaget IES Pioneer Ltd trekte seg frå handelen.
Horizon vart etablert på austkysten av Canada i 2015 av to personar med lang erfaring innan drift av offshorefartøy.
- Seinare har kapitalsterke medeigarar kome til, seier Nakken.

Horizon Arctic

Han opplyser at Bourbon Arctic i næraste framtid vil endre namn til Horizon Arctic.
Skipet kosta i utgangspunktet rundt 850 millionar kroner.
opplyser at VesselsValue har eit anslag på at Horizon no har betalt rundt 41,5 millionar USD for skipet.
Mannskapet vert det same. Dette sikrar god kvalitet og kontinuitet for fornøgde kundar

Publisert: 03.04.2019 14:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:33