Horisont deltaking i fare
BEKYMRA: Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) er bekymra for formuleringa i EU-kommisjonens forslag til Horisont Europa, ei vidareutvikling av dagens Horisont 2020. 
Nytt

Horisont-deltaking i fare

EU-kommisjonen vil avgrense kven som får vere med på EU sitt store forsking- og utviklingsprogram. 

19.07.2018
NPK-NTB/NETT NO: Ti selskap og organisasjonar i Møre og Romsdal har så langt fått i alt 54 millionar kroner i EU-støtte til forsking og innovasjon gjennom programmet Horisont 2020.

No fryktar forskingsminister Iselin Nybø (V) at eit forslag frå EU-kommisjonen skal avgrense Noregs moglegheiter til å delta i verdas største forskingsprogram.

Ny runde

Når Horisont 2020 går ut om to år er eit nytt program på trappene.
Noreg har sidan oppstarten i 2014 tatt del i EUs forskings- og innovasjonsprosjekt Horisont 2020, som med eit budsjett på 77 milliardar euro er verdas største, skriv .
Sidan den gong har norske miljø henta heim 633,6 millionar euro, rundt 6 milliardar kroner, ifølgje Kunnskapsdepartementet.

Avgrensing

No kan den norske deltakinga bli pålagt avgrensingar som følgje av eit forslag som EU-kommisjonen har lagt fram for Horisont Europa, ei vidareutvikling av Horisont 2020. På grunnlag av unionens «strategiske ressursar, interesser, autonomi eller tryggleik» kan deltaking avgrensast til EUs medlemsstatar, heiter det i forslaget, som bekymrar den norske forskingsministeren.
– Dette programmet er kjempeviktig for Noreg. Det er tidleg i prosessen, men dette er det siste høvet vi har til å diskutere forslaget, seier Nybø til DN. Tysdag var ho i Wien for å overtyde ministerkollegaene sine.
– Utover formuleringa veit vi ikkje kva som ligg bak. Vi er ikkje rundt bordet når det blir avgjort, så vi er avhengige av at Noreg løfter vår eiga sak no og at EU-medlemmene også gjer det, seier ho.

Viktig for Rolls-Royce Marine

Per Ingeberg er ansvarleg for søknadar og oppfølging av forsking og utviklingsprosjekt i Rolls-Royce Marine.
Rolls-Royce Marine er med på tre Horisont 2020-prosjekt, som får i alt 26 millionar kroner i støtte.
Etter Ingeberg si vurdering ville det ikkje råd for Rolls-Royce Marine å få tilsvarande støtte pr. prosjekt gjennom det norske virkemiddelapparatet, mellom anna fordi Noreg er underlagt det internasjonale statsstøtteregelverket.

Publisert: 19.07.2018 12:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:24