Hoppar av toppjobb i Ervik Havfiske
SAMANSLÅING: Arild Aarvik, Kåre Furnes, Stig Ervik og Geir Solvåg fotografert i samband med at Ervik Havfiske Carisma Fish gjekk saman i fjor. Furnes blei styreleiar i det samanslåtte Ervik Havfiske, Geir Solevåg er dagleg leiar.
Nytt

Hoppar av toppjobb i Ervik Havfiske

- Ingen dramatikk. Dette var mitt val, og for meg var dette rett å gjere, seier Arild Aarvik.

18.03.2019
Eitt år etter at Arild Aarvik vart tilsett som viseadministrerande direktør i Ervik Havfiske, har han valt å slutte i stillinga.
Sjølv seier Aarvik at det ligg ingen dramatikk rundt avgjersla.
- Eg var med på å kjøpe den første fiskebåten då eg var midt i 20-åra, og har drive på for fullt til eg no har passert 50. Eg fann ut at det var på tide å stoppe opp litt.
- I tillegg har eg lova kona mi å ta eit par månaders pause før eg startar på noko nytt.

Fusjonerte salsselskapa

Arild Aarvik vart ein del av toppleiinga i Ervik Havfiske samtundes som han vart 25 prosent eigar i selskapet.

Dette skjedde samstundes som Aarvik sitt salsselskap Carisma Fish vart slått saman med salsselskapet til Ervik Havfiske.
Året før kjøpte Aarvik ut dei andre eigarane i Carisma Fish.

Fleire tilbod

Aarvik seier at han har fått fleire interessante tilbod etter at det vart kjent at han slutta i Ervik-systemet.
- Det vert nok eitt eller anna med sjømat, men det er for tidleg å seie kva det vert.
Han eig selskapet Carisma Fish, som no er hans private investeringsselskap, og har i tillegg ei rekkje styreleiarposisjonar.
- Eg kjem nok også til å ta på meg oppdrag for Ervik Havfiske framover. Vi er godt forlikte, sjølv om eg no sluttar i selskapet.

- Ingen dramatikk

Styreleiar Kåre Furnes i Ervik Havfiske seier også at det ligg ingen dramatikk i at Aarvik sluttar etter så kort tid.
- Han fann vel ut at det vart vel krevjande å kombinere ei slik stilling med ei rekkje verv og posisjonar.
Furnes seier at det ikkje er sikkert at stillinga vert erstatta.
- Dette er noko vi skal diskutere på førstkomande styremøte.
 I tillegg har eg lova kona mi å ta et par månaders pause før eg startar på noko nytt

Publisert: 18.03.2019 14:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32