Nytt
Hoppa av Rem - skal leie nytt offshoreselskap
Tidlegare Rem Offshore-direktør Arild Myrvoll vert direktør i nystarta OSV Management.
02.11.2016
- Vi er glade for å få med oss Arild Myrvoll i satsinga på å byggje opp eit nytt offshoreselskap, seier styreleiar Åge Remøy i OSV Management.
Det nye selskapet er eit dotterselskap til In Nor Vest, der Åge Remøy har alliert seg med den islandske Samherji-eigaren Thorsteinn Mar Baldvinsson og den sveits-baserte svenske investoren Magnus Roth.
Trioen har lagt 500 millionar kroner på bordet for å byggje eit nytt offshoreselskap med base i Fosnavåg.
Myrvoll hoppa av Rem Offshore i august etter overtakinga av Fosnavåg-reiarlaget av Solstad/Aker.
Myrvoll hadde då vore konsernsjef sidan 1. mai, då hovudaksjonær Åge Remøy gjekk av som konsernsjef og vart arbeidande styreleiar.
- Eg vil ønskje Myrvoll lukke til vidare med nye oppgåver der han til slutt hamnar, sa Remøy då.
No er svaret klart; Myrvoll skal halde fram med å jobbe for Åge Remøy.
- Vi har arbeidd saman i snart ti år, og ser fram til å halde fram samarbeidet, seier Remøy.
- Vi har ikkje hastverk, men vi vil slå til når vi meiner det er grunnlag for det, seier Remøy.
Han seier at det ikkje manglar på tilbod om å kjøpe offshorefartøy.
- Nei, det er altfor mange fartøy som er til sals for tida.
- Nei, vi ser på nyare tonnasje, og då innanfor både PSV, subsea og ankerhandtering.
- Vi ønskjer å vere i dei områda som Rem Offshore var inne i.
- Det er det vi kan best, seier Remøy.
Det nye selskapet er eit dotterselskap til In Nor Vest, der Åge Remøy har alliert seg med den islandske Samherji-eigaren Thorsteinn Mar Baldvinsson og den sveits-baserte svenske investoren Magnus Roth.
Trioen har lagt 500 millionar kroner på bordet for å byggje eit nytt offshoreselskap med base i Fosnavåg.
Samla i Diamanten
Både Myrvoll og Åge Remøy har no kontor i Diamanten på Mjølstadneset i Herøy, der også Havila Shipping held til.Myrvoll hoppa av Rem Offshore i august etter overtakinga av Fosnavåg-reiarlaget av Solstad/Aker.
Myrvoll hadde då vore konsernsjef sidan 1. mai, då hovudaksjonær Åge Remøy gjekk av som konsernsjef og vart arbeidande styreleiar.
Ti års samarbeid
I eit intervju med NETT NO i august sa Åge Remøy at han ikkje var overraska over avgjersla til Myrvoll.- Eg vil ønskje Myrvoll lukke til vidare med nye oppgåver der han til slutt hamnar, sa Remøy då.
Les her:
No er svaret klart; Myrvoll skal halde fram med å jobbe for Åge Remøy.
- Vi har arbeidd saman i snart ti år, og ser fram til å halde fram samarbeidet, seier Remøy.
Mange vil selje
In Nor Vest har så langt ikkje gjort noko investering.- Vi har ikkje hastverk, men vi vil slå til når vi meiner det er grunnlag for det, seier Remøy.
Han seier at det ikkje manglar på tilbod om å kjøpe offshorefartøy.
- Nei, det er altfor mange fartøy som er til sals for tida.
Vil ha nyare tonnasje
Han seier at for det nystarta selskapet er det ikkje aktuelt å kjøpe gamal tonnasje.- Nei, vi ser på nyare tonnasje, og då innanfor både PSV, subsea og ankerhandtering.
- Vi ønskjer å vere i dei områda som Rem Offshore var inne i.
- Det er det vi kan best, seier Remøy.
Vi har ikkje hastverk, men vi vil slå til når vi meiner det er grunnlag for det
Publisert: 02.11.2016 13:28
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03