Hobbyfiskarar viktige for fiskeforvaltninga
TURISTFISKE: Fagfolk treng informasjon om kor mykje fritidsfiskarar får på kroken, slik at vi betre kan forvalte ressursane i havet, her tyske fritidsfiskarar på Remøya.
Nytt

Hobbyfiskarar viktige for fiskeforvaltninga

For å kunne forvalte fiskeressursane våre på ein god måte, treng forskarane vite kor mykje turistar fiskar, og kva dei får på kroken.

22.03.2019
NPK: Og om dei ikkje får fangst i det heile.
fortel på nettsidene sine at dei treng oversikt over uttaket av kystnære bestandar.
– Vi har eit omfattande system for kvalitetssikring av rapporterte fangstar innan kommersielt fiske, både på art og mengde. Vi har også eit fartøyregister, der alle fiskefartøy er registrerte med blant anna fiskerimerke og eigar.
- Men når det gjeld turistfiske er vi i startfasen med registrering av fangstar, fortel seniorrådgjevar Trond Ottemo, ved reguleringsseksjonen i Fiskeridirektoratet.

Forskingsprosjekt

I 2018 vart det oppretta eit register for fangst i turistfisket.
Havforskingsinstituttet har for tida eit forskingsprosjekt på norsk fritids- og turistfiske, og gjennom dette prosjektet vil det vere mogleg å vurdere kvaliteten på dei tala som har kome inn via den obligatoriske rapporteringa.
– Vi har hatt svært avgrensa kunnskap om fangst og innsats i både fritids- og turistfiske, og fangstane som blir rapporterte no bidrar til eit auka kunnskapsgrunnlag, seier Jon Helge Vølstad, som er forskingssjef ved avdeling for fiskeridynamikk ved Havforskingsinstituttet til nettstaden.
Dersom den som fiskar ikkje rapporterer nullfangstar er det ikkje mogleg for forvalting og forsking å fange opp viktige forandringar i utbreiinga eller størrelsen til bestanden.

Publisert: 22.03.2019 14:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32