Historisk godt resultat
REKORDRESULTAT: Administrerande direktør Stig Brautaset foreslår eit utbytte til eigenkapitalbeviseigarane på til saman åtte millionar kroner.
Nytt

Historisk godt resultat

Sparebank1 Søre Sunnmøre har aldri gjort det betre. Deler ut meir pengar.

13.02.2020
- Vi har lagt bak oss eit historisk godt år. 2019-rekneskapen kjenneteiknast ved at banken tek marknadsandelar, har høge inntekter på finansielle investeringar og har god underliggande drift, seier administrerande direktør Stig Brautaset i ei børsmelding.

Deler ut 15 millionar

Det gode resultatet gjer at banken tilrår at eigenkapitalbeviseigarane får åtte kroner i utbytte pr. eigenkapitalbevis, til saman åtte millionar kroner. Det er ein auke frå seks millionar i fjor.
Samstundes skal det delast ut 15 millionar kroner til det banken definerer som gode formål. Etter 2018 blei det delt ut 10 millionar.
Brautaset seier til NETT NO at banken sine støttemidlar i stor grad har gått til idrettsanlegg. No ser banken og etter tiltak å støtte innan kultur og tiltak som kan utvikle eit meir berekraftig samfunn.

Tek marknadsandelar

Banken har hatt ein utlånsvekst på 9,8 prosent dei siste 12 månadane. I persommarknaden er veksten 9,6 prosent, i bedriftsmarkanden 10,7 prosent.
I følgje Brautaset er veksten i personmarknaden dobbelt så stor som den generelle veksten i marknaden.
Banken har nyleg lagt sin siste større eigedom ut for sal, forretningsbygget Ørsta Torg i Ørsta senterum, og startar salet av hyttetomter på Bondalseidet. Då han blei toppsjef lova Brautaset at banken skulle ut av eigedomsprosjekta den hadde blitt sittande med, og går alt etter planen vil han langt på veg vere i mål i løpet av året.

Publisert: 13.02.2020 10:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:52