Hexagon inn i hydrogenklubb
VEKST: Hexagon skal samarbeid med ei rekkje store internasjonale selskap for å auke bruken av hydrogen som energikjelde, mellom anna i biltrafikken. Biletet viser Mercedes sin komande hydrogendrivne bil der Hexagon skal levere drivstofftankane.
Nytt

Hexagon inn i hydrogenklubb

Hexagon Composites er blitt medlem i den internasjonale organisasjonen Hydrogen Council.

02.11.2018
Organisasjonen blei stifta på møtet i World Economic Forum i Sveits i fjor vinter, og har allereie ei rekkje store internasjonale bedrifter som medlemar.
- Vi tenkjer at vi i samarbeid med dei andre (medlemane, red. merk) kan fremje hydrogen som ein viktig energiberar i framtida, seier kommunikasjonssjef Solveig Sæther i Hexagon Composites om poenget med medlemsskapet.
Blant medlemane er og fleire av selskapa Hexagon allereie har som samrbeidspartnarar i hydrogenmarknaden, ein marknad Hexagon Composites har hløge forventingar til.

Fleire marknadar

Hexagon Composites har tatt kunnskapen sin om å lage drivstoff- og brennstofftankar for naturgass over til å lage tilsvarande tanker for hydrogen, som drivstoff i brenselceller - der avfallstoffet frå forbrenninga er vatn.
Selskapet har mellom anna ein avtale med Daimler om å levere drivstofftankar til og med Linde Group om å levere .
Alle tre selskap er med i Hydrogen Council, saman med mellom andre , ein annan samarbeidspartnar.

Rask vekst

Ein marknad for hydrogentankar på under ein milliard kroner i år skal passere 80 milliardar i løpet av 10 år. Hexagon Composites satsar på å bli den dominerande aktøren.
Ein marknadsandel på minst 40 prosent. Det er forventningane Hexagon Composites har til utviklinga i marknaden for drivstofftankar for hydrogen.
Det sa administerande direktør Jon Erik Engeset i Hexagon Composites då selskapet la fram reknskapen for 2017 for investorar og analytikarar onsdag 14. februar.

Publisert: 02.11.2018 11:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:19