Hevdar Vard er i samtalar om aa overta Kleven
SNART LEVERINGSKLARE: Dei to ekspedisjonsskipa som er under bygging på Kleven for Hurtigruten. Til høgre MS Roald Amundsen som skal leverast allereie i vår. 
Nytt

Hevdar Vard er i samtalar om å overta Kleven

Verken Kleven, Vard eller Hurtigruten vil svare på om det er dialog om verftet.

Marius Rosbach
22.02.2019
Kjelder fortel til lokalavisa at Vard-leiinga har vore i samtaler med leiinga ved Kleven om ei mogleg overtaking av verftet på Sunnmøre.
– Eg har ingen kommentar til det, seier Kleven-sjef Olav Nakken til NETT NO på spørsmål om det er ein dialog om ei slik overtaking.
Han vil heller ikkje seie noko om korleis han ville sett på å bli ein del av Vard-konsernet. I dag er det Hurtigruten som eig Kleven, etter fjorårets redningsaksjon.
– Korleis ser du på at det vert skrive ein slik artikkel om Kleven?
– Så lenge det ikkje vert spekulert i noko som råkar oss negativt, kan dei i og for seg skrive kva dei vil, seier han.
Heller ikkje kommunikasjonssjef Hege Anita Akselvoll i Vard, eller Rune Thomas Ege i Hurtigruten vil seie noko om saka.

Snart to leveringsklare skip

Hurtigruten gjekk inn som eineeigarar av Kleven i fjor, etter at verftet gjekk tom for pengar. Reiarlaget har to ekspedisjonsskip som snart er klare for levering frå Kleven.
MS Roald Amundsen skal leverast i vår, medan MS Fridtjof Nansen skal leverast seinare i år. Samstundes er det annonsert ein intensjonsavtale om eit tredje systerskip, som Kleven allereie er i gong å jobbe med.
Det er likevel knytt stor spenning til kor lenge reiarlaget vert sittande som verftseigarar.

Har fem verft i Norge frå før

Vard-konsernet har til saman fem verft i Norge. Fire av desse – Aukra, Brattvaag, Langsten og Søviknes ligg i Møre og Romsdal. I tillegg har dei Brevik-verftet i Telemark, der prestisjeprosjektet Yara Birkeland skal byggjast.
Dei italienske eigarane i Vard – verftskonsernet Fincantieri – tok selskapet av børs i fjor, og gjorde Vard om til eit ordinært dotterselskap.

Publisert: 22.02.2019 10:49

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31