Her tek britiske stjernekokkar selfie om bord i Ramoen
SELFIE: Dei 10 finalistane sette stor pris på både naturen og det dei fekk sjå om bord i båten. Her tar dei selfie med Slogen som bakgrunn 
Nytt

Her tek britiske stjernekokkar selfie om bord i Ramoen

Ti britiske fish & chips-kokkar er måndag med Vartdal-trålaren Ramoen for å lære om norsk fiskeri og handtering av fisk.

17.09.2018
Kokkane kjempar samtidig om den prestisjetunge britiske Fish & Chips-award.
Dei to siste åra har vinnaren av prisen vore frå restaurantar som svergar til norsk sjømat på menyen, opplyser Fiskebåt i ei pressemelding.
- Den britiske marknaden er stor og viktig for oss, og etterspurnaden etter norske filetar er aukande. Difor er det viktig at kokkane får eit godt innblikk i korleis fisket foregår om bord på norske fiskebåtar, seier Katrine Florvaag, som er salssjef i Ramoen.

Hjørundfjorden

Fiskebåt opplyser at turen måndag gjekk innover Hjørundfjorden med medbrakt fisk og ein demonstrasjon av korleis trålen fungerer. Det er nemleg ikkje lovleg å drive trålfiske i fjordane. Dei britiske kokkane fekk likevel eit godt inntrykk av heile prosessen om bord.
- Vanlegvis er Ramoen på fiske i Barentshavet i fleire veker i strekk, så det ville vere litt vanskeleg å organisere ein ordinær tur med så mange. Difor gjer vi det på denne måten, og det virkar som dei har fått godt utbytte av turen, seier Florvaag.

Rullerar

Ramoen og dei andre norske fiskebåtane som leverer fisk til Storbritannia samarbeider om dette besøket. Kvart år får dei ti finalistane i Fish & Chips-konkurransen kome til Norge og får vere med ein moderne fiskebåt.
- Dette er ein flott måte å få vist fram den norske fiskeflåten, som er moderne og leiande i verda på miljøteknologi. I tillegg er norske fiskarar opptatt av å utnytte fiskeressursane på ein berekraftig måte, slik at også framtidige generasjonar skal kunne leve av dette.
- Britane er svært opptatt av miljø og det virkar som dei er imponert over det dei har sett frå ein moderne trålar, seier Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i organisasjonen Fiskebåt, som organiserer den havgåande fiskeflåten.

Eksportauke

Samstundes opplyser Fiskebåt at eksporten av norske filetar til Storbritannia har auka med heile 67 prosent hittil i år, frå 1147 til 1913 tonn.
Ein del av den kraftige veksten skuldast rett nok ei forsyving i marknaden frå blokkfryst til filetar. Den totale veksten av norsk torsk og hyse til Storbritannia så langt i år er difor på 12 prosent.
Meir enn 30 prosent av torsk og hyse som vert seld i Storbritannia kjem no frå norske fiskebåtar.
Dette er ein flott måte å få vist fram den norske fiskeflåten, som er moderne og leiande i verda på miljøteknologi

Publisert: 17.09.2018 14:45

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:26