Her slepp ingen anleggsmaskiner forbi
STOPP: - Hit, og ikkje lenger, fastslår Kari Thue, Hans Petter Thue og Magnus Kedron Thue.
Nytt

- Her slepp ingen anleggsmaskiner forbi

Etter planen skal no dei første anleggsmaskinene opp på Haramsfjellet. Hans Petter Thue vil setje ein stoppar for det.

02.06.2020
- Her slepp ingen anleggsmaskiner forbi, seier Thue, som har sett sin bil på tvers over det som skal vere anleggsvegen opp til Haramsfjellet på sydsida av øya.
Rett nedanfor står fleire anleggsmaskiner frå Stangeland Maskin, som må bruke Fjellvegen til å starte arbeidet på fjellet.
- Det kan dei berre gløyme, seier Thue.

Paradis på jord

Ved sidan av sit Kari Thue og sonen Magnus Kedron Thue. Han skulle eigentleg vere på misjonsreise i Pakistan, men korona sette ein stoppar for det. No skal han i staden misjonere for eit vindkraftfritt Haramsøya.
- Ja, eg vert her og støttar mor og far.
Familien er frå Fredrikstad, kallar seg sjølve for haugianarar, og kjøpte eit gardsbruk på Haramsøya for rundt 3,5 år sidan.
Dei meiner at dei har funne paradis på jord.
- Her vil vi vere, og vi har vorte veldig glad i staden. Det er difor vi også vil kjempe for at ikkje øya skal verte øydelagt, seier Hans Petter Thue.

- Vernar om privat eigedomsrett

Han planlegg å sove i bilen, og seier at dersom bilen skal fjernast vert det ikkje så lett.
- Dei får i så fall gjere det med meg inne i bilen. Eg går ikkje ut.
Han meiner at det er lite truleg at det skjer.
- Eg er grunneigar her, Fjellvegen er ein felles landbruksveg, og eg vernar om den private eigedomsretten.

Rosar skuleelevane

Han seier at første målet er å hindre anleggsmaskinene frå Stangeland Maskin å starte arbeidet, deretter få stoppa utbygginga i retten.
- Målet er å stoppe denne galskapen. Dette er ei altfor lita øy til å gjere om til eit industriområde for vindkraftindustrien.
Hans Petter Thue seier at dei aller fleste på øya er sterkt imot planane. Han rosar spesielt skuleeleveane.
- Dette gjeld framtida på øya, og då er det spesielt kjekt å sjå all skuleungdomen som engasjerer seg.

Vil starte i dag

Etter det NETT NO kjenner til vil det kome mange tilreisande demonstrantar til øya dei komande dagane.
Det strammar seg no til ettersom Haram Kraft på Facebook har opplyst at frå og med 2. juni blir det innført anleggsområde i planområdet på Haram.
Kraftselskapet opplyser at det vil bli satt opp ein bom i hver ende av Fjellvegen og hengt opp informasjonsskilt på bommane.
Det blir understreka at all ferdsel i området skal vere på trygg avstand frå anleggsområda, også fordi det vil forgå sprenging.
Haram Kraft presiserer at fjellet ikkje vil vere stengt, men det må haldast tilstrekkeleg avstand til anleggsarbeidet.

Kraft til 7.000

Det er selskapet Stangeland Maskin som skal byggje vegar, oppstillingsplassar, fundament og kablar i vindparken.
Totalt skal det setjast opp åtte vindmøller, med 82 meter tårnhøgde og 136 meter rotordiamater.
Regjeringa har godkjent utbygginga, som er forventa å gi ein årleg kraftproduksjon til å dekke forbruket til rundt 7.000 husstander.
Drifts- og utbyggingsansvarleg er Zephyr, medan eigar er finske Taaleri Enerhia.

Ordførar-protest

Demonstrantane på Haramsøya får no støtte. 40 ordførarar frå kommunar over heile landet har så langt signert eit felles opprop mot vidare planlegging av vindkraft i kommunar utan kommunal styring.
Ordførarane meiner at prosjekterte vindkraftutbyggingar må stansast og konsesjonar må avslåast der kommunen sjølv har sagt nei til utbygging, skriv . Det er ordførar i Lyngdal, Jan Kristensen (H), som har fått med seg 39 andre ordførarar i eit felles opprop. Fram til fristen i midten av juni reknar han med at mange fleire ordførarar vil signere.
I oppropet ber ordførarar om at demokratisk fatta vedtak blir respekterte og dei krev at «statsråden umiddelbart griper inn og stopper all videre planlegging av nye vindkraftprosjekt i våre områder».
Klassekampen har tidlegare kartlagt at nesten alle kommunane innanfor forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land seier nei til vindkraft i eigen kommune. Ordførarar ønskjer at vindkraftsakene blir overførte frå energilova til plan- og bygningslova som gir kommunane større innverknad over prosjekta.

Her vil vi vere, og vi har vorte veldig glad i staden. Det er difor vi også vil kjempe for at ikkje øya skal verte øydelagt

Publisert: 02.06.2020 08:31

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57