Her skal det byggjast eit stort reiarlag
HAREID: Ole Peter Brandal leier Intership frå det tidlegare Nordea-bygget i Hareid sentrum. Her er det god plass til å vekse.
Nytt

Her skal det byggjast eit stort reiarlag

Frå det tidlegare Nordea-bygget på Hareid skal brønnbåtselskapet Intership vekse. Ole Peter Brandal har med seg satsingsvillige britar. 

09.01.2019
- Ja, det er dyktige folk, som har sett seg godt inn i brønnbåtnæringa, og som forventar at det vil skje ei konsolidering.
- Dette vil våre britiske eigarar vere med på, seier Brandal.

4-5 års perspektiv

Det var i mai i år at det London-baserte private equity-selskapet Alchemy Special Opportunities kjøpte aksjemajoriteten i Hareid-baserte Intership. Dei sunnmørske aksjonærane håva samstundes inn store gevinstar.
Det britiske finansselskapet vart starta i 1997 og har så langt gjort 160 transaksjonar for totalt 35 milliardar kroner.
No skal selskapet byggje opp Intership, og deretter selje seg ut.
- Ja, vi forventar ikkje at vi skal vere eigd av dette selskapet i meir enn i fire-fem år, men vi sjølve har eit mykje lengre perspektiv, seier Brandal.

Ville vere aktiv spelar

Saman med kollegaene Kjetil Opshaug frå Stranda og Håvard Grøntvedt frå Trondheim tok han ein del av salsgevinsten og plasserte i det nye selskapet.
- Med sånne folk med på laget, kan det ikkje gå galt, seier Brandal.
Han har sjølv lang erfaring frå Sølvtrans, deretter frå Nordea, før han starta Intership i 2014.
- Eg treivst ikkje å sitje på tribuna i brønnbåtnæringa. Eg ville vere ein aktiv spelar, seier han.

Kistefos-bakgrunn

Opshaug har på sin side også bakgrunn frå Sølvtrans, i tillegg til Havila Shipping, medan Grøntvedt blant anna har lang erfaring frå Marine Harvest.
I tillegg har trioen fått med seg Lars Erling Krogh frå Oslo, som no arbeider som finansdirektør i selskapet. Krogh har blant anna erfaring frå Kistefos, Hitecvison/Troms Offshore Supply og Sparebank 1 Markets.
Hittil har Intership managementet på sju skip, og har rundt 85 sjøfolk, i tillegg til elleve som arbeider på landsida med internasjonal dekning.
Tre av skipa eig selskapet sjølv, men Brandal seier at målet er å eige fleire skip.
- Vi ser no på fleire interessante mulegheiter. Det står ikkje på kapital dersom vi finn dei gode løysingane.

Satsar i Chile

Gjennom at det vert sprøytt meir kapital i selskapet, vert også dei norske aksjonærane utvatna, og har no kome godt under 30 prosent.
- Det viktige for oss er å byggje selskap. I tillegg har vi ein avtale om overskotsdeling, seier Brandal.
Dei sju skipa arbeider for norske selskap i Canada, Skotland, Chile og Norge.
Sjølv har Brandal god tru på vekst i den chilenske marknaden.
- Ja, her satsar vi, først gjennom oppretting av eige komntor og tilsetjing av ein dagleg leiar.
- Etter kvart vil vi nok ha våre eigne skip i Chile.
Det står ikkje på kapital dersom vi finn dei gode løysingane

Publisert: 09.01.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:30