Her ser dei lyst paa utsiktene
LARSNES: Godt med arbeid for dei tilsette ved Larsnes Mek. Verksted, mellom anna med utrustning av brønnbåten Ro North.
Nytt

Her ser dei lyst på utsiktene

Larsnes Mek. Verksted hadde eit bra år i fjor, og forventar eit nytt bra år i år.

04.07.2016
- Ja, det ser slett ikkje så verst ut. Spesielt innanfor bygging av nye fiskebåtar er det stor etterspørsel.
- Eg håpar og trur vi skal klare å lande nye kontraktar snart.
Dette seier adm. dir. Jarle Gunnarstein ved Sande-verftet.

Sterk vekst

Larsnes Mek. Verksted nesten dobla inntektene frå 2014 til 2015 - frå 122,4 til 225,5 millionar kroner.
Botnlina vart ikkje auka tilsvarande, men resultatet før skatt vart 8,1 millionar kroner - opp frå 6,9 millionar året før.

Stein på stein

Selskapet har god kontroll på økonomien, med berre 10 millionar kroner i langsiktig gjeld.
- Her byggjer vi stein på stein, og tek ikkje av i gode tider, seier Gunnarstein.
Han har leia selskapet i tretti år, og kom inn sjølv som nest største aksjonær med 5,63 prosent av aksjane etter at Rofisk i januar 2015 vart majoritetseigar med 68,75 prosent av aksjane.

Brønnbåtserie

Det er Rostein som er den store kunden, med ein serie på fire brønnbåtar til ein samla verdi på 1,2 milliardar kroner.
Båt nummer tre, Ro North, ligg no ved kaia klar for utrusting etter at skroget vart bygt i polske Gdansk.
Siste båten i serien skal leverast i april 2017.
- Vi jobbar med fleire spennande nybyggingsprosjekt. I tillegg har vi faste kundar som vi 'server', seier Gunnarstein.

Mange underleverandørar

Selskapet har oppgradert anlegget for 40 millionar kroner sidan 2010. I fjor vart det mellom anna lagt fast dekkje på parkeringsplass og bedding, samt bygt mønetak over kantinebygget.
Totalt er det 49 eigne tilsette, men under utrustinga av brønnbåtane er det over 130 arbeidarar på anlegget.
- Hovudtyngda arbeider for underleverandørar, fleire frå Polen eller Romania, seier Gunnarstein.
Han meiner at rundt 50 eigne tilsette er passeleg.
- Ja, det er omlag der vi skal liggje framover, seier Gunnarstein, som i år har vore 30 år leiar av verftet - eit verft som 2. mars feira 35-årsjubileum etter at Karl Longva for 100 år sidan første gongen starta mekanisk verkstad på Holmen på Larsnes.
Vi jobbar med fleire spennande nybyggingsprosjekt

Publisert: 04.07.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:58