Her segler ferjene snart paa batteri
SNART BATTERIDRIFT: På Sulesund ferjekai vert det i desse dagar jobba med å ferdigstille nytt anlegg med ladetårn for å ta i bruk ferjer som skal segle på batteri. 
Nytt

Her segler ferjene snart på batteri

På få år rustar Fjord1 opp kring 40 ferjekaier for elektrisk drift. Snart tek reiarlaget i bruk ladetårnet på Sulesund.

Marius Rosbach
22.08.2019
Fjord1 har eit stort nybyggingsprogram på fartøysida med til saman 14 nye ferjer på veg inn i flåten i år. Men også på land er det store dimensjonar over investeringane som vert gjort før reiarlaget skal starte opp fleire nye ruter.

Brukte 64 millionar siste kvartal

Berre i siste kvartal investerte Fjord1 64 millionar i kaier og anlegg der stadig nye ferjer skal segle elektrisk. Reiarlaget reknar med at mindre behov for drivstoff og lågare utgifter til drift- og vedlikehald, vil virke positivt inn på økonomien framover.
– Vi har mange nye kontraktar under førebuing og fasar inn teknologien fortløpande ettersom dei ulike delprosjekta er klare. Når alle kontraktane er sett i drift i løpet av 2020, dreiar det seg om 40 kaiar med ny infrastruktur og ladestasjonar, fortel driftsdirektør André Høyset i Fjord1 til NETT NO.
Talet er medrekna flere kaier som allereie er drift, mellom anna Anda-Lote.

Les også:



Ladar snart på Sulesund

Arbeidet med å ruste opp kaier og infrastruktur har hatt «særs god» framdrift så langt i år, ifølgje onsdagens kvartalsrapport. Sulesund ferjekai er den neste staden der dei nye ferjene om kort tid vil segle på batteri på turen over til Hareid.
Sjølve ferjekaia på Sulesund vart teke i bruk for fleire månader sidan. Statens vegvesen er ferdig med sin del av jobben og det er sett opp bygg med venterom og toalett.

Les også:



Ingen i Fjord1 kunne onsdag gi nokon eksakt dato for når ferjene tek til å lade, men etter det NETT NO kjenner til, skal det startast testlading innan kort tid. Førebels står ladetårnet til ferjene pakka inn i presenning. Når alt er klart, kan dei nye ferjene segle på batteri frå Sulesund til Hareid utan utslepp.
På Hareid-sida er det venta at arbeidet med anlegget held fram til utpå hausten. Inntil vidare må fartøya med andre ord nytte fossilt drivstoff på returen over fjorden.

Nok straum dei fleste stader

På fylkesvegferjene ligg det inne i kontraktane kor mykje straum som skal vere tilgjengeleg ved kvar kai. Driftsdirektør André Høyset fortel at det er god nok kapasitet dei fleste stader.

– Stort sett ladar ein direkte frå nettet. Men nokre stader må ein gjere vurderingar med å sette inn batteribankar på kaia for å dekke det straumbehovet ein har for å oppretthalde ruteproduksjonen på batteri, fortel Høyset.

Fylka vil eige

På fylkesvegferjene vil fylkeskommunane ta over eigarskapen til anlegga.
– Vi er ein modell som gir eit utmerka samarbeid. I Hordaland der vi neste år vil ha 14 ferjer i drift, er Skyss, innkjøpsorganisasjonen til fylkeskommunen, i gong med å kjøpe ut landanlegga etterkvart som dei kjem i drift, seier Høyset.

Les også:


13 skip på 16 månader:
Når alle kontraktane er sett i drift i løpet av 2020, dreiar det seg om 40 kaiar med ny infrastruktur og ladestasjonar

Publisert: 22.08.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38