Her ligg kolmuleflaaten paa stripe
KOLMULE: Eit tjuetals kolmulefartøy på stripe.
Nytt

Her ligg kolmuleflåten på stripe

Fredag oppstod eit nokså merkeleg fenomen i færisk sone då mesteparten av kolmuleflåten la seg på stripe.

22.05.2020
Eit tjuetals kolmulefartøy låg på same stripa fredag ettermiddag.
Båtane kom frå fleire nasjonar, men flest frå Island og Færøyane, men også russiske fartøy og Endre Dyrøy frå Norge.
På Marinetraffic går det fram at alle skipa går i vel fire knops fart, noko som truleg betyr at alle leitar etter kolmula.

Rekordfiske

Hittil i år har hovedsesongen for kolmula vore preega av dårleg ver. Likevel har det vorte fiska totalt for over ein milliard kroner, noko som er ny rekord.
Mesteparten av fisket har foregått vest for Irland.
Ifølgje Sildelaget gjenstår det framleis 44.000 tonn av kvoten.
Siste åra har totalkvoten lege på mellom 330.000 og 490.000 tonn.

Publisert: 22.05.2020 14:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:57