Her faar cruiseturistane kaffi vafler og kaker
GRODÅS: Hotellhagen ved Hotel Raftevold er ferdig. Neste prosjekt er å tilby båtturar på Hornindalsvatnet.
Nytt

Her får cruiseturistane kaffi, vafler og kaker

Raftevold Hotel har klar hotellhagen, og har laga spesialopplegg for cruiseturistane.

21.07.2019
- Dette er eit tilbod for dei som ikkje vil til opplevingstur til Briksdalsbreen, Geiranger og andre stader, og i staden berre vil slappe av, seier dagleg Günther Dahler i Havila Hotels, som eig hotellet på Grodås.
Hotellet er nettopp ferdig med å byggje ein hotellhage mellom hotellet og Hornindalsvatnet.
- Her samlar vi cruiseturistane og serverer dei enkelt og greitt kaffi, kaker og vafler.

Hotell og museum

Dahler seier at så langt har det vore åtte grupper som har nytta seg av tilbodet.
- I kvar gruppe er det frå 180 til 200 personar, og tilbodet har vorte svært godt tatt imot.
- I tillegg til å slappe av på hotellet, vert opphaldet på Grodås gjerne kombinert med ein tur til Anders Svor-museet, seier han.

Vil ha båtturar

Dahler opplyser at ein gjennom sommaren også har mykje anna lunsjtrafikk.
- Dette pågår fra midten av mai til midten av september.
– I snitt er det 8 – 10 bussar om dagen, men vi har hatt dagar med heile 16 bussar.
Havila Hotels ønskjer også å tilby hotellgjestar og andre ein båttur på Hornindalsvatnet.
- Vi har sett på ulike modellar, men nærmar oss no ei løysing. Til neste sesong vil dette vere på plass, seier Dahler.

Litt i minus

Omsetninga i fjor enda på 14,0 milionar kroner, nesten det same som året før.
Driftsresultatet for Hornindal-hotellet enda i fjor på minus 0,2 millionar kroner.
Dahler seier at dette i stor grad skuldast at ein har tatt ein god del ekstra kostnader over drifta.
- I juli har det vore svært godt belegg, faktisk heile 96,7 prosent.

I snitt er det 8 – 10 bussar om dagen, men vi har hatt dagar med heile 16 bussar

Publisert: 21.07.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37