Her faar Vartdal fiber
FIBER: Ein 5 km lang sjøkabel mellom Hjørungavåg og Vartdal sikrar fibernett i Barstadvika, Nordre Vartdal og Vartdal.
Nytt

Her får Vartdal fiber

Ein 5 kilometer lang sjøkabel frå Hjørungavåg til Vartdal sikrar fibernett til Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvika.

18.06.2019
- Interessa for fiber har vore stor både blant privatpersonar og bedriftene. I dag har om lag 280 husstandar og 11 bedrifter på Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvik tinga fiber, og dei kan forvente å bli kopla opp i løpet av året.
Det seier adm. dir. Ivar Driveklepp i Tussa IKT i ei pressemelding.

311 meter djupt

Det er Tussa som står for prosjektet der den ti tonn tunge sjøkabelen vart lagt tidlegare i sommar.
På det djupaste ligg kabelen 311 meter under havoverflata. På grunn av djupna er fiberkabelen dobbeltarmert, og fiberen ligg beskytta i eit stålrør inne i kabelen, opplyser Tussa IKT.

2.300 km langt nett

Tussa opplyser at selskapet sitt samla fibernett no er over 2.300 kilometer langt, nesten like langt som avstanden frå Lindesnes til Nordkapp.
Av dette er det sju sjøkabelstrekk, med ei samla lengde på 22 kilometer.
Over 10 000 privatpersonar og 640 bedrifter i sju kommunar er tilkopla fibernettet.
- Fiber er ein heilt avgjerande infrastruktur for kundane og samfunnet. Fiber er svært framtidsretta, og i stor grad naudsynt for å kunne ta i bruk mange nye internettbaserte tenester og kommunikasjonsformer.
- Tussa ser på utbygginga av fiber som eit viktig bidrag til den regionale utviklinga på søre Sunnmøre, seier Driveklepp i pressemeldinga.

Publisert: 18.06.2019 15:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36