Her er stordokka framme i A Alesund
Ålesund: Den nye flytedokka er 165 meter lang og 27,4 meter brei med ein løftekapasitet på 12.000 tonn. Onsdag formiddag var ho framme i Ålesund.
Nytt

Her er stordokka framme i Ålesund

Stor dag for Fiskerstrand Verft. Får flytedokk på 165 meter, og med ein løftekapasitet på 12.000 tonn.

16.10.2019
Fiskerstrand Verft opplyser i en pressemelding at dokka vert liggjande nokre dagar i Ålesund, før ho vert plassert og forankra ved verftet i løpet av neste veke.
Samstundes har verftet seld den gamle dokka til Belgia.


Denne dokka er 133 meter lang, og Fiskerstrand Verft har hatt nærare rundt 2.000 dokkingar i den gamle dokka frå 1943.

Kjøpt frå Lithauen

Den nye flytedokka, som opphavleg vart bygt i St.Petersburg i 1970, er kjøpt frå Western Shipyard i Klapeida i Lithauen, eit verft Fiskerstrand har hatt eit langvarig samarbeid med.
Det lithauiske verftet har sjølv bestilt ei ny og større dokk.
Etter å ha vorte slept frå Klaipedia, har dokka gjennomgått ei omfattande oppgradering og fornying i Polen.

I bruk frå november

Fiskerstrand Verft opplyser i pressemeldinga at investeringa er gjort med fokus på nye marknader, effektivitet, auka kapasitet og for å kunne møte nødvendige miljøkrav.
Etter planen skal dokka vere operativ og i bruk frå starten av november.
Alle tilsette ser med glede fram til å ta den nye dokka i bruk, fastslår verftet.
Saka oppdatert onsdag 10:31

Publisert: 16.10.2019 10:35

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:41