Her er skipa i rute men aluminium erstattar staal
TERSAN: Dei to øverste etasjane vert bygde i aluminium på Havila Kystruten sine tyrkiskbygde skip. Tersan-verftet er godt i rute til å få skipa ferdig i tide til å setjast inn i trafikk Bergen - Kirkenes 1. januar 2021.
Nytt

Her er skipa i rute – men aluminium erstattar stål

Havila Kystruten opplever eit spansk mareritt, men bygginga ved tyrkiske Tersan er i rute. To etasjar får aluminium for å lette vekta.

14.10.2019
- Ja, det ser bra ut ved Tersan. Der har dei hatt god kontroll på vektproblema frå starten av, og valt material som tar omsyn til dette.
Det seier Havila Kystruten-direktør Arild Myrvoll.

Planlegg ni meter forlenging

Ved det spanske Barreras-verftet i Vigo er det derimot omfattande utfordringar. Verftet har store økonomisk problem, i tillegg til at dei to Havila-skipa Havila Polaris og Havila Pollux har vektproblem for å halde seg innanfor djupgangen som krevst for å trafikkere kystruta mellom Bergen og Kirkenes.
I Spania er er det lansert ei løysing som går ut på å forlenge kvart av skipa med ni meter, slik at dei vert vel 131 meter lange. Dette fører også til større serviceareal og at ein del innvendige lugarar i staden vert utvendige.
- Vi tek ein del av rekninga for denne endringa, om dette vert løysinga, seier Myrvoll.

Krev refund-garanti

Han håper at Barreras raskt får ordne opp i sine økonomiske problem, slik at bygginga av skipa kan halde fram.
- På grunn av at verftet er i ein så kritisk situasjon, vil vi ikkje fortsette på prosjektet før vi får ein refund-garanti med bankane slik at anten vert skipa leverte eller vi får pengane tilbake, seier Myrvoll.
Det amerikanske investeringsfondet Oaktree er no sentrale for å finne ei løysing ettersom Oaktree i samarbeid med Ritz-Carlton har under bygging eit cruise/yachtskip, som også er kraftig forseinka og fordyra ved Barreras.

Møter med Oaktree

Oaktree er no på veg inn på eigarsida i verftet, der heile toppleiinga er fjerna.

Myrvoll opplyser at Havila Kystruten har hatt møter med Oaktree.
- Frå vår side er det viktig å forsikre oss om at vi har eit verft som er i stand til å byggje både for oss og for Oaktree.

Vil setje inn reserveskip

1300 spanske verftstilsette ventar i spenning på kva Havila Kystruten bestemmer seg for.
- Eg håper at dei tilsette snart kan få ei god nyheit, seier Myrvoll.
Han opplyser at ved ei forseinking er planen å setje inn reserveskip på kystruten i påvente av at dei to spaniabygde skipa skal leverast.
- Før vi får ein ny leveringsdato med verftet, veit vi ikkje eksakt kor lenge forseinkinga vert, men vi skal uansett finne ei god reserveløysing, seier Myrvoll.

To etasjar i aluminium

Han er fornøgd med framdrifta ved Tersan-verftet i Tyrkia, eit verft som har under bygging ei rekkje skip for norske reiarar.
Også her var det vektproblem på skipa Havila Capella og Havila Castor.
Myrvoll opplyser at her har utfordringane vorte løyste undervegs, blant anna ved å flytte meir vekt nedover i skipa, noko som også har ført til at arbeidet kunne halde fram, medan det vart full stopp ved Barreras.
I tillegg er det bestemt at dei to øverste etasjane ved dei Tyrkia-bygde skipa skal byggjast i aluminum, i staden for i stål.
- Tersan har god kontroll på byggjeprosessen. Alt tyder på at desse to skipa vert leverte i tide til å kunne setjast i trafikk 1. januar 2021, seier Myrvoll.
Kvart av dei tyrkiabygde skipa vert 122,7 meter lange og 22 meter breie. Dei får ein lugarkapaasitet på 640 og får om bord store batteripakkar.
Tyngda på batteripakkane har vore sterkt medverkande til vektproblema.

Eg håper at dei tilsette snart kan få ei god nyheit

Publisert: 14.10.2019 17:32

Sist oppdatert: 06.07.2021 08:35