Her er paagangen saa stor at dei maa seie nei til oppdrag
REKORD: Larsnes Mek. Verksted har rekordaktivitet. Nyehallen ser ein midt på bildet, medan den nye tørrdokka er tenkt plassert ytst ute på Holmen, heilt til venstre.
Nytt

Her er pågangen så stor at dei må seie nei til oppdrag

Larsnes Mek. Verksted har rekordaktivitet, men verftsdirektør Jarle Gunnarstein tek ikkje av.

12.02.2018
- Nei, skomakar bli ved din lest, heiter det. Eg trur vi skal lære av det ordtaket. For oss som har arbeidd her i over 35 år, så veit vi at det er både oppturar og nedturar i denne bransjen.
I år skal verftet på Larsnes levere fire nybygg. Og meir kunne det ha blitt.
- Vi har sagt nei til fleire oppdrag, og heller tilrådd at reiarar vel verft som har hatt mindre å gjere.
Både nybygg og reperasjonProblemet med å ta på seg for mange nybygg er at ein då ikkje får hjelpe dei faste kundane med reperasjonar og vedlikehald.
- Vi er både eit nybyggings- og reperasjonsverft. Det skal vi halde fast på.
Men trass i at Gunnarstein held føtene på jorda, gler han seg over den store pågangen.
- Ja, vi også har hatt nedturar, så dette er langt kjekkare for alle.

Gode resultat

Og den store aktiviteten viser også att på botnlinja.
- Vi hadde eit resultat før skatt på rundt 24 millionar kroner i 2016. I fjor landar vi på rundt 20 millionar. Det er bra for eit slikt verft.
Dei gode resultata plasserer Larsnes Mek Verksted mellom dei mest lønsame verfta i Norge.
- Ja, det er dei små- og mellomstore nybyggingsverfta som gjer det best, slike som Fitjar, Aas, Vaagland og oss.
- Felles for desse verfta er at ein ikkje vart råka av offshorenedturen, seier Gunnarstein.

Litt fleire tilsette

Ved verftet på Larsnes er det no 55 tilsette, opp seks-sju tilsette siste året.
Gunnarstein seier at det nok kan verte litt fleire.
- Men det vert ikkje mange fleire. Vi kan ikkje ha ein arbeidsstokk tilpassa toppane i produksjonen. Difor satsar vi heller på innleige for å ta toppane.
- På det meste har her vore 190 arbeidarar i sving, og det har gått bra.

Ny hall

Nyleg har verftet tatt i bruk ein ny hall på 840 kvadratmeter. Hallen rommar mellom anna rørverksted og lager.
- Dette er ei investering på 10 millionar. Siste seks åra har vi brukt rundt 40 millionar kroner på oppgradering av anlegget.
Neste plan er å byggje ei tørrdokk på rundt rundt 120 meter lengde og med ei breidde på 23-24 meter. Arbeidet med å tilpasse arealplanen er på gang.
- Rostein AS, som er største aksjonæren i verftet, har i dag sju brønnbåtar vi ikkje kan dokke, i tillegg til at vi har fleire fiskebåtar vi har bygt som også er for store. Med ei skikkeleg tørrdokk på plass, vil vi ha eit svært godt anlegg, seier Gunnarstein.
Kva tid dokka blir realisert er derimot enno ikkje bestemt.

Nybygg på rekkje og rad

Ved verftet ligg eit nybygg til Rostein under utrusting.
82 meter lange Ro Fortune har ein lastekapasitet på 3500 kubikkmeter og skal leverast i mai.
Men alt i mars skal den 38,6 meter lange kystbåten Gunnar K. til Kristoffersen Fiskefrakt i Vesterålen leverast.
Men på kontraktslista er det fleire andre skip, mellom anna den 43 meter lange fiskebåten Nordhavet til reiarlaget Arvesen i Troms, ein båt som skal vere ferdig i slutten av året.

Tredje til same reiar

I tillegg til nye kundar frå Nord-Norge, kjem også lokale kundar tilbake, ikkje minst Selje-reiarlaget Hovden Senior, som har bestemt seg for å byggje sin tredje fiskebåt på Larsnes.
Første Hovden Senior vart levert i juni 1996, Hovden Viking vart levert i januar 2007, og i midten av neste år skal Hovden Viking leverast, eit fiskefartøy med ei lenge på 46 meter og breidde på 12 meter.
- Utruleg gledeleg at sike kundar kjem tilbake, seier Gunnarstein.
Men Larsnes Mek har også signert storkontrakt med Zephyr Fishing Company Ltd. Lerwick, på Shetland, om bygging av ein 75,4 meter lang og 15 meter brei pelagisk trålar.
Denne båten skal leverast neste sommar.

Bestilte endå ein

Og under dåpsfesten i november for kystbåten Sander Andre til reiarlaget Mirsel i Lofoten, kunne Gunnarstein glede dei verftstilsette med at verftet hadde fått kontrakt med same reiarlag på bygging av ein ny kystbåt som etter planen skal leverast seinhausten 2019.
Skroga er bygde ved ulike verft i Polen.
- Dette har vi gode erfaringar med, og dette skal vi fortsette med, seier Jarle Gunnarstein.
Vi har sagt nei til fleire oppdrag, og heller tilrådd at reiarar vel verft som har hatt mindre å gjere

Publisert: 12.02.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:18