Her er mesteparten av smolten over 500 gram
VARTDAL: Vartdalgruppa er eit fullintegrert oppdrettsselskap, med klare ambisjonar om å vekse.
Nytt

Her er mesteparten av smolten over 500 gram

Ottar Vartdal har lukkast med satsinga på storsmolt. No er det få fiskar som er under eit halv kilo når dei vert sette i sjøen.

10.08.2018
- Ja, det er meininga at vi skal få att for denne satsinga etter kvart. Så langt ser det bra ut.
Vartdalgruppa har bygt verdas største smoltkar, og planen er å setje ut endå større smolt enn dagens smolt på vel eit halvt kilo.
- Ja, målet er å ha laksen kortare tid i sjøen ved at vi set ut større smolt.

Slakteklar etter 8-9 månader

Hittil er tida i sjøen redusert med rundt tre-fire månader i høve til då ein opererte med smolt på under 200 gram.
- No er laksen 5,0 - 5,5 kilo etter åtte-ni månader, og er dermed slakteklar mykje tidlegare enn før.
Ottar Vartdal seier at større smolt gir også konsernet mulegheit til å vekse.
- Ja, på denne måten kan vi produsere meir årleg.

Gjer det meste sjølve

Vartdalgruppa Fiskeoppdrett består av morselskapet Vartdal Invest og selskapa Aqua Farms Vartdal, Vartdal Fiskeoppdrett, Urke Fiskeoppdrett, Vartdalgruppa Fiskeoppdrett, Vartdal Fryseri og Western Seaproducts.
- Vi er i dag eit fullintegrert oppdrettsselskap. Frå vi får inn rogna, står vi sjøve for alt til laksen er ute i marknaden.
- Vi har ikkje eige eksportselskap, men vi sel laksen sjølve til tre-fire andre eksportørar.

Storsmolt også på Urke

Vartdalgruppa eig fire matfiskkonsesjonar, der to er på Vartdal, eitt på Lauvstad og eitt på Gjerde ved Eiksund.
I tillegg har ein to setjefiskanlegg, eige slakteri og fryseri.
- Frå i år av har vi også starta så vidt med produksjon av storsmolt på Urke, seier Vartdal.

Slaktetidspunkt avgjer

I fjor hadde konsernet driftsinntekter på 179,6 millionar kroner og eit resultat før skatt på 21,9 millionar. Det var betydeleg lavare enn året før.
- Dette skuldast i hovudsak når vi slaktar laksen rundt nyttår, om det er før eller etter årsskiftet.
- Då slaktar vi normalt 1300-1400 tonn til ein verdi av 70-80 millionar kroner, og tidspunktet for salet av denne fisken har mykje å seie for omsetning og resultat.

Vil vekse

Ottar Vartdal er eineeigar av konsernet, og har planane klare for vidare vekst.
- Ja, målet er å vekse både i størrelse og talet på tilsette.
- I dag er vi rundt 45 tilsette. Vi vil auke på etter kvart.
Han seier at han stortrivst med satsinga i eigen regi, og saknar slett ikkje å vere ein del av eit større konsern.
- Nei, det er slik eg vil ha det.
- Men det har vore avgjerande for at vi har lukkast så pass bra at vi har vore så heldige å ha svært mange dyktige og trufaste tilsette.
Målet er å vekse både i størrelse og talet på tilsette

Publisert: 10.08.2018 10:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25