Her er kommunevaapenet til nye Stad
NYTT KOMMUNEVÅPEN: Saka om felles kommunevåpen for Eid, Selje og Bryggja i nye Stad, er no ferdigbehandla og resultatet vart St. Sunniva og fjordhest (innfelt). 
Nytt

Her er kommunevåpenet til nye Stad

Gjekk for St. Sunniva og fjordhest.

Marius Rosbach
16.05.2019
Frå årsskiftet får Nordfjord ei ny kommune som vil heite Stad. Det er Eid og Selje som saman med Bryggja krets i Vågsøy slår seg saman.
No er også kommunevåpenet kome på plass etter vedtak i dei to kommunestyra. Eid gjorde sitt vedtak førre veke, medan Selje fatta eit samrøystes vedtak onsdag.
Designbyrået Byrr i Nordfjordeid hadde laga to alternativ, eitt med St. Sunniva og ein fjordhest, og eitt med eit båtmotiv. Eit overveldande fleirtal av de som røyste i ei rådgjevande høyring på nett, ville ha St. Sunniva med fjordhesten – noko politikarane no har slutta seg til.
– Vi vil takke alle som har engasjert seg på vegen fram mot å velje kommunevåpen for nye Stad kommune, og er glade for at vi no har vald eit flott, samlande motiv som har brei oppslutnad blant folk flest. Med dette tek vi med oss viktige historiske tradisjonar inn i den nye kommunen og knyter fortid og framtid saman, uttalar ordførar i Selje, Stein Robert Osdal og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, i ei pressemelding torsdag.
Det er kommunestyra som har eineretten til å vedta flagg og våpen etter at eit nytt regelverk tok til å gjelde frå 1. januar 2018.

Publisert: 16.05.2019 09:13

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:35