Her er det tilsett 120 paa eitt aar
ULSTEIN: Color Hybrid ligg i høghallen, men lengda på 160 gjer at noko av båten ligg i ytre dokk. 
Nytt

Her er det tilsett 120 på eitt år

Ulstein Verft har på nytt stor oppdragsmengde, og fyller opp med nye tilsette.

08.02.2019
- Ja, det er fleire år sidan det var like høg aktivitet ved verftet, seier organisasjons- og kommunikasjonssjef Lene Trude Solheim.
Verftet har gått frå 230 til 350 tilsette på eitt år.
- Ein del av desse nye er tilsette som jobba her før, og som såg seg etter noko anna å gjere i den perioden her var lavare aktivitet.
- Det er ekstra gledeleg å sjå at mange av desse no kjem tilbake, seier Solheim.
Ho fortel at dei nytilsette er geografisk spreidde.
- Nokre bur i Ålesund, nokre i Herøy, nokre i Ørsta, og enkelte kjem endå lenger frå.
Ulstein Verft søkjer no etter nye tilsette innanfor er rekkje fagområde.
- Hittil har vi klart å rekruttere innanfor dei fleste felt, men vi har slite litt når det gjeld ingeniørar innanfor HVAC-feltet (oppvarming, ventilasjon og air-condi

t

ion, red merk).
- Difor har vi utdanna nokre eigne tilsette innanfor dette fagfeltet, seier Solheim.
Inkludert innleigde, er det no rundt 800 tilsette innom verftsportane.
I dokkhallen er ein i full gang med utrusting av prestisjeskipet Color Hybrid, verdas største plug-in batterihybrid.

Sidan passasjerferja er 160 meter og dokkhallen 140, stikk baugen av skipet ut av hallen.
Prosjektet til rundt 1,2 milliardar kroner skal vere ferdig til sommaren, då ferja skal inn på ruta Sandefjord – Strømstad.
- Her kan det etter kvart også verte endå ei ferje, dersom Color Line vel å erklære opsjonen dei har, seier Solheim.
Ved utrustningskaia ligg det 93,4 meter lange havvindskipet Acta Centaurus til Acta Marine.
Dette skipet skal vere ferdig i april.

- Vi satsar stort på offshore vind, og håper på fleire prosjekt, seier Solheim.
Over sommarferien kjem skroget til det første ekspedisjonscruiseskipet til , som i samarbeid med National Geographic skal frakte passasjerar til polare strøk med det 120 meter lange skipet.
Her er det opsjonar på to til skip.
I ordreboka har Ulstein Verft også eit offshore vindskip til og ein 149,9 meter lang kabelleggjar til .
Dei to siste skipa skal leverast i 2021.
- Stålarbeidet er godt i gang ved det polske Christ-verftet, seier Solheim.
- Vi har også eit sekstitals ingeniørar som er involverte i prosjekta.
Ho er optimistisk for framtida.
- Ja, etter eit par krevjande år, ser det no betre ut.

Publisert: 08.02.2019 10:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:31