Her er det dyrast aa bu i nordvest
MOLDE: Rosenes by er på topp over dyraste kommunar på Nordvestlandet, med Ålesund og Stryn på plassane bak.
Nytt

Her er det dyrast å bu i nordvest

Kommunerangering viser at det dyrast å bu i Molde og at kostnadene siste året har auka mest for stryningane. Men i år blir det billegare for alle.

Marius Rosbach
27.10.2020
I ei rangering av alle kommunane i Møre og Romsdal og Nordfjord viser at Molde er den dyraste kommunen å bu og eige bustad.
På plassane bak kjem Ålesund og Stryn kommune. Bustadeigarane i Stryn er samtidig dei som har fått mest auka i kostnadene frå 2018 til 2019, viser rapporten «Bokostnadsindeksen for norske husholdninger».
  • Sjå rangering av kommunane under

Har blitt 10.000 dyrare i året

Rapporten viser at kostnadane med å eige og bu i gjennomsnitt auka med åtte prosent frå 2018 til 2019. I kroner og øre utgjer det knappe 10.000 kroner meir i året.
Snittkost for ein bustad på 120 kvadratmeter i Møre og Romsdal ligg på 96.338 kroner. I Molde er utgiftene rekna å vere kring ti tusen kroner høgare, medan dei i Fjord og Aure er åtte-ni tusen lågare.

Dyrast i Oslo

Utrekningane inkluderer eigedomsskatt, kommunale gebyr, i tillegg til utgifter til energi, renter, forsikring og vedlikehald.
Dei dyraste bustadene er i Oslo med ein snittkost på 165.266 kroner for 120 kvadratmeter. Det er lite skilnad mellom dei store byane. Billigaste kommune å bu i Norge, er Lavangen med 82.013 i årlege utgifter.

Billigare i år – før ny auke

Frå perioden 2010 til 2019 har det i snitt blitt 18 prosent dyrare med bustad i norske kommunar.
I 2020 reknar ein med at utgiftene vil synke med 12 prosent, grunna lågare kostnader til rente, energi og eigedomsskatt.
Dei vidare åra er det venta ein auka på to prosent i 2021, tre prosent i 2022 og seks prosent i 2023.
Rapporten er laga av Samfunnsøkonomisk Analyse på oppdrag frå .
  • Sjå rangering av kommunane

  • Molde 106 004 kr (5,0 %)
  • Ålesund 105 991 kr (6,3 %)
  • Stryn 104 310 kr (8,7 %)
  • Kristiansund 103 874 kr (6,0 %)
  • Kinn 103 767 kr (5,2 %)
  • Stad 102 323 kr (7,1 %)
  • Sula 101 026 kr (4,5 %)
  • Giske 100 932 kr (5,1 %)
  • Gjemnes 100 405 kr (2,7 %)
  • Hustadvika 100 081 kr (4,2 %)
  • Rauma 99 421 kr (7,3 %)
  • Gloppen 99 180 kr (5,2 %)
  • Averøy 98 983 kr (3,5 %)
  • Volda 98 799 kr (7,2 %)
  • Stranda 98 347 kr (3,8 %)
  • Aukra 97 921 kr (8,4 %)
  • Tingvoll 97 847 kr (4,7 %)
  • Ulstein 95 721 kr (7,9 %)
  • Hareid 95 670 kr (7,5 %)
  • Vestnes 94 346 kr (5,9 %)
  • Smøla 94 268 kr (5,1 %)
  • Surnadal 93 363 kr (5,4 %)
  • Ørsta 92 640 kr (4,6 %)
  • Sande 91 910 kr (4,7 %)
  • Sykkylven 91 238 kr (6,6 %)
  • Herøy 91 178 kr (4,7 %)
  • Sunndal 90 163 kr (4,9 %)
  • Vanylven 89 110 kr (6,2 %)
  • Fjord 87 799 kr (3,7 %)
  • Aure 87 744 kr (6,1 %)

Kjelde: Huseiernes bokostnadsindeks 2020. Tallene fra SSB, Nordpool, Norges Bank og NVE. Beregningene utført av Samfunnsøkonomisk analyse for Huseierne.

Publisert: 27.10.2020 11:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04