Her er den nye skattemeldinga
NY UTSJÅNAD: Pressen er neste veke invitert til Skatteetaten for å sjå den nye skattemeldinga før den blir tilgjengeleg for befolkninga. Den nye meldinga til venstre over og den gamle til høgre. 
Nytt

Her er den nye skattemeldinga

Skatteetaten fortel at nytt opplegg for utbetaling, gjer at du kan få att på skatten allereie i april.

Marius Rosbach
20.02.2020
(NPK-NTB): Skatteetaten tar i år i bruk ein ny type skattemelding. Alt skal gå raskare – òg tilbakebetaling til dei som er trekte for mykje i skatt.
– Eg håpar og trur at folk lettare vil forstå det nye systemet. Den nye skattemeldinga inneheld færre punkt enn det klassiske rapporteringsskjemaet, seier skattedirektør Hans Christian Holte til NTB.
Det skal bli enklare å sjekke opplysningar og fylle ut informasjon om noko manglar. Systemet kontrollerer dessutan at ein ikkje motseier seg sjølv når ein fyller ut meldinga.

Pengane kjem tidlegare

Den førehandsutfylte skattemeldinga skal kome tidlegare enn før. Medan ho tidlegare har kome i byrjinga av april, skal alle lønnstakarar og pensjonistar no få meldinga mellom 18. og 31. mars.
Ifølgje kan nokon få tilbake skattepengar allereie i april.
Ifølgje Holte gjer det nye systemet at Skatteetaten raskare kan kome tilbake til folk som har fylt ut skattemeldinga.
– Heile prosessen kjem til å gå raskare, opplyser skattedirektøren.

Fortløpande utbetaling

Tidlegare sat mange og venta på at det endelege skatteoppgjeret skulle kome i slutten av juni, sjølv om fristen for innlevering av skattemeldinga var 30. april.
I staden for at alle får utbetalt pengane dei har til gode på likt i juni som i dag, blir utbetalinga knytt opp mot kva tid du leverte skattemeldinga.

Kontrollerer

Før pengane blir utbetalte, sjekkar Skatteetaten om du skylder pengar til staten eller andre som skal trekkjast frå, til dømes trygdeutgifter, barnebidrag eller andre krav.
Viss du blir tatt ut til nærare kontroll, kan eventuelle utbetalingar dryge. I fjor opplyste Skatteetaten at rundt 10 prosent blir plukka ut til ein slik kontroll.
(©NPK)

Publisert: 20.02.2020 08:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53