Her er World Peridot paa veg til Rotterdam
SLEP: Den hollandske slepebåten Atlantis sleper World Peridot til Rotterdam. Her passerer slepet Flø.
Nytt

Her er World Peridot på veg til Rotterdam

Etter å ha venta på betre vêr, starta slepet av PSV-en World Peridot søndag.

28.10.2019
Den 80 meter lange gule PSV-en har lege i opplag ved Herøyterminalen i Torvika i nesten fire år.
Ved hjelp av den hollandske slepebåten Atlantis, skal World Peridot etter planen vere framme i Rotterdam rundt klokka tolv onsdag.
Måndag morgon passerer slepet Bergen.

Klassing

Båten er eigd av det britiske maritime investeringsselskapet , som no har fått ein lengre kontrakt på båten.
I Rotterdam skal båten klassast, i tillegg til at det skal om bord ein del ekstrautstyr.
Etter at World Peridot har forlate Herøyterminalen, er det no ingen skip i opplag att ved terminalen.
I Ålesund ligg derimot framleis to av dei tidlegare seks identiske World Wide Supply-skipa i opplag.

Publisert: 28.10.2019 08:50

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:43