Hentar inn 300 millionar kroner
ULSTEIN: Tore og Gunvor Ulstein vil saman med søskena skyte inn ny kapital i Ulstein Group.
Nytt

Hentar inn 300 millionar kroner

Ulstein Group treng meir kapital etter eit dårleg fjorår og ein svak start på 2018. Toppleiarane grev djupt for å bidra.

31.05.2018
Ulstein Group har samla hatt eit resultat før skatt på minus 1022 millionar kroner dei tre siste åra. 2017 vart eit nytt dårleg år, med eit minusresultat på 359 millionar kroner.

Også starten på 2018 har vore krevjande. Kombinert med at konsernet har fått fleire nye kontraktar med behov for rask tilførsel av likviditet, foreslår styret at det vert henta inn 300 millionar friske kroner.
Saka skal opp på generalforsamlinga i Ulstein Group fredag.

150 + 150 millionar

Planen er at 150 millionar kroner skal hentast inn ved nye lån, der Innovasjon Norge bidreg med 100 millionar kroner og DNB med 50 millionar.
Men denne løysinga føreset at også dagens aksjonærar bidreg med ein tilsvarande sum.
Klart største aksjonær er Ulsmo med 57,69 prosent av aksjane, og ein stemmerettsandel på 67,78 prosent.

Ulsmo garanterer for summen

Ulsmo har forplikta seg til å betale heile summen på 150 millionar kroner dersom resten av aksjonærane seier nei til opplegget.
Bak Ulsmo står syskena Ingerid, Gunvor, Idar Marius, Vegard og Tore Ulstein, der Gunvor og Tore er toppleiing i Ulstein Group.
Nest største aksjonær er Naustneset med 16,89 prosent, medan Bakkely Invest er tredje størst med 6,92 prosent.

Pengar før 20. juni

For å få rask tilgang til kapital, foreslår styret at Ulsmo innan 20. juni skal betale inn 86,7 millionar kroner av den totale summen på 150 millionar kroner.
Deretter får resten av aksjonærane høve til å teikne seg for dei resterande 63,3 millionar kronene.
Dersom ein ikkje når summen på 63,3 millionar kroner, vil Ulsmo betale det som står att.
Innbetalingane skjer gjennom konvertible aksjonærlån, som når som helst kan omgjerast til aksjar i Ulstein Group.

Ulsmo-tap

Sjølv om Ulsmo-eigarane forpliktar seg til å gå inn med 86,7 millionar kroner, og kan bidra med opptil 150 millionar kroner, har Ulsmo-konsernet også hatt svake år siste åra.
I 2016 var resultatet før skatt på minus 169 millionar kroner, og i 2015 på 35 millionar.
Dei to føregåande åra var derimot gode, med plusstal på 140 og 280 millionar kroner.

Utbyte til formuesskatt

I perioden 2012 til 2014 betalte Ulstein Group ut 188 millionar kroner i utbyte til akjsonærane. I 2015 var utbytet null, medan det i 2016 vart utbetalt 25 millionar kroner.
Finansdirektør Catrin Kristiseter Marti sa då til NETT No at grunnen til utbytet trass store tap, var at eigarane skulle betale formuesskatt.

Publisert: 31.05.2018 12:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:22