Hentar inn 211 millionar kroner
ENERGI: Konsernsjef Johannes Rauboti i SFE er godt nøgd med responsen frå eigarane om å skyte inn ny kapital i selskapet.
Nytt

Hentar inn 211 millionar kroner

Sogn og Fjordane fylkeskommune spyttar 169 millionar kroner inn i Sogn og Fjordane Energi, og får eigardel på 49,6 prosent.

13.09.2017
Sogn og Fjordane Energi styrkar eigenkapitalen med 211 millionar kroner ved at sju av eigarane skyt inn frisk kapital.
– Svært gledeleg å få denne tilliten frå eigarane, og viktig for satsinga framover, seier konsernsjef Johannes Rauboti, i ei pressemelding.
Det var på Sogn og Fjordane Energi (SFE) si generalforsamling i juni at det vart det vedteke å gjennomføre ein eigenkapitalemisjon blant eigarane, med det siktemål å tilføre selskapet meir eigenkapital.
No viser det seg at med unntak av Bergen Kommunale Kraftlag og Naustdal kommune, deltek alle aksjonærar i kapitalauken.
Målet var 350 millionar kroner, men selskapet seier seg uansett nøgd med resultatet.

Gloppen inn med 11,8 millionar

Sogn og Fjordane Fylkeskommune, gjennom Sogn og Fjordane Holding AS, og kommunane Askvoll, Bremanger, Gloppen, Flora, Eid og Selje bidreg med totalt 211 millionar kroner.
Investeringa frå fylkeskommunen på nær 169 millionar kroner er den største investeringa, følgt av Flora og Gloppen med høvesvis 15,8 og 11,8 millionar.
– Dette er svært gledeleg og viser at eigarane stiller opp bak selskapet. SFE er inne i ein periode med store nettinvesteringar.
- Samstundes er bygginga av Østerbø kraftverk i gang, og styrkinga av eigenkapitalen er viktig for å sikre konsernet si evne til vidare vekst og utvikling, seier Rauboti.

Fylkeskommunen under 50 prosent

Emisjonen medfører ikkje at nokon av eigarane kjem over 50 prosent eigarskap og får direkte fleirtal.
Gjennom sitt holdingselskap aukar fylkeskommunen sin eigardel frå 48,2 prosent til 49,6 prosent, medan BKK på si side reduserer sin eigardel frå 38,5 prosent til 36,8 prosent.
Under presentasjonen til fylkestinget og eigarmøta sist juni, kunne SFE presentere ein samla verdiauke på rundt 4,4 milliardar kroner sidan konsernet vart danna i 2003 – tilsvarande ein avkasting til eigarane på rundt 8% årleg. Rauboti har god tru på at konsernet skal vere eit godt investeringsobjekt også framover.
- SFE sin finansielle situasjon er god, men vi treng kapital for å sikre god utvikling i ein periode med store investeringar. Vi skal arbeide hardt for at eigarane si investering i selskapet skal bere like gode frukter som tidlegare år, seier Rauboti, i pressemeldinga.
Dette er svært gledeleg og viser at eigarane stiller opp bak selskapet

Publisert: 13.09.2017 14:07

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:13