Hentar 590 millionar til laks paa land
MEDEIGAR: Før emisjonen sat André Skarbø i Platina Seafood med knappe seks prosent i Atlantic Sapphire. No har selskapet henta pengar til å sette i gang med landbasert lakseoppdrett i USA:
Nytt

Hentar 590 millionar til laks på land

Villa Organic-gründar Johan Emil Andreassen frå Vestnes og lakseeksportør André Skarbø på Stranda har henta inn 590 millionar kroner til lakseoppdrettsatsing på land i Florida.

27.06.2017
Aksjonærane har teikna seg for 70 millionar dollar, cirka 590 millionar kroner, og blir eigarar av cirka 45 prosent av Atlantic Sapphire, som står bak Florida-satsinga gjennom sine amerikanske datterselskap. Emisjonen prisar dermed selskapet til 1,3 milliardar kroner.
I første omgang er det snakk om eit anlegg som kan produsere 8500 tonn sløyd laks i året, med den første slaktinga i 2020.
Andreassen, som bur i USA og leier arbeidet der, seier det er ein kombinasjon av private og institusjonelle investorar som har gått inn med kapital.
Opphavleg var Atlantic Sapphire ute etter å hente inn inntil 105 millionar dollar, , men valde å gå for emisjonen sjølv om interessa blant investorane ikkje var så stor som ønska.

Skarbø nest størst

Før emisjonen var André Skarbøs lakseksportselskap Platina Seafood nest største eigar med 5,83 prosent av selskapet. Både Skarbø og Andreassen sit i styret.

Også tidlegare Glamox-direktør Kjell Bjordal er på aksjonærlista. Gjennom familieselskapet Norsk Landbrukskjemi er han medeigar i 3,53 prosent (før emisjonen).
Medeigar er og Frode Kjølås på Stranda, som er sentral i Optimar si satsing på utstyr til oppdrettsnæringa.

Mindre anlegg i første omgang

Anlegget som er under bygging har ein planlagt produksjon som er mindre enn ein gjennomsnittleg oppdrettskonsesjon i Norge, i følgje sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea.
Det betyr at produksjonen som er planlagt i første omgang truleg ikkje vil ha store effekten i marknaden. Men om selskapet lukkast i å drive lønsamt i eit lukka landbasert anlegg, har det allereie sikra seg plass å og løyve til å kunne utvide til 90.000 tonn laks i året.
Ein av fordelane med å kunne produsere i USA er at selskapet slepp kostnadane til flyfrakt, som i følge Egeness utgjer mellom 12 og 18 kroner kiloen for heil laks, og ned mot det halve for laksefilet.

Publisert: 27.06.2017 16:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:11