Henta 10 3 millionar til hydrogensatsing
OKSYGEN: Roger Hofseth lagar mellom anna fiskeolje og driv oppdrettselskap. No går han inn i hydrogen- og oksygenproduksjon. 
Nytt

Henta 10,3 millionar til hydrogensatsing

Hofseth Aqua ny partnar i hydrogenprosjektet på Hellesylt.

11.05.2020

Tidlegare i år etablerte Flakk Gruppen as selskapet Norwegian Hydrogen for å gjennomføre hydrogensatsinga på Hellesylt. No har Norwegian Hydrogen henta inn 10,3 millionar kroner og fått i alt fem eigarar, mellom dei oppdrettselskapet Hofseth Aqua.

Flakk Gruppen gjekk inn med ein million kroner då Norwegian Hydrogen blei skipa i januar i år, og går inn med to millionar til i kapitalutvidinga no. Hexagon Composites og Tafjord går inn med tre millionar.

Både Hexagon Composites og Tafjord er samarbeidspartnarar i hydrogensatsinga frå tidlegare. Oppdrettselskapet Hofseth Aqua, som skyt inn to millionar, er ny i prosjektet. Prosjektleiar Jan Arild Roppen sitt selskap Astanel går inn med 0,3 millionar.

Utnytte overskotkraft

Ideen bak hydrogensatsinga på Hellesylt er bruke kraft frå dei lokale kraftverka til å produsere hydrogen, som mellom anna skal forsyne ferja Hellesylt - Geiranger med hydrogen som drivstoff.

Ideen oppsto på grunn av manglande overføringskapasistet til Hellesylt, slik at det er uråd å få all elektrisiteten frå kraftverka der ut til kundane når produksjonen går for fullt.

Pilot E-prosjekt

I desember i fjor fekk hydrogensatsinga i Hellesylt 37,5 millionar kroner i støtte gjennom den såkalla Pilot E-ordninga og gjennom kapitalutvidinga i dag har eigarane skote inn eigenkapitalen som skal brukast til å gjennomføre prosjektet.

Under Grøn Fjord-konferansen i Geiranger i midten av mars var Knut Flakk optimistisk til framdrifta i prosjektet.

Planen er ut at fabrikken skal vere oppe og stå seinast sommaren 2022. Fabrikken vil spalte vatn til hydrogen og oksygen. Hydrogenet kan brukast til drivstoff medan oksygenet mellom anna kan brukast i oppdrettsnæringa.


Publisert: 11.05.2020 08:10

Sist oppdatert: 19.05.2021 15:04